Rogn frå dyr
Rogn (av norrønt hrogn) er ei vanleg nemning for egg frå dyr som gyter i vatn, som fisk, skaldyr og amfibium.[1]

Rogna til ein akvariefisk (Symphysodon)
Utrogn er rogn som sit under yttersida av halen på krepsdyr som hummar.[2]
BiletdømeEndra
Rogn frå regnbogeaure.
Rogn frå sicklefin redhorse frå fiskslekta Moxostoma.
Sjøkreps (Nephrops norvegicus) med rogn.
Rogn som matEndra
Ein del rogn blir brukt som matemne. Rogn av stør og ein del andre fiskar blir kalla kaviar.[3]
Rogn frå lagasild (svensk löjrom) er ein eksklusiv matrett i Sverige, og Kalix Löjrom er ei verna matnemning i EU.[4][5]
Torskerogn blir mellom anna brukt fersk, frosen og hermetisk.[3] Rognbakels er ein norsk vaffeltype laga med torskerogn.
GalleriEndra
Blini med raud kaviar.
Kanapear med ulike typar rogn.
Sushitypen gunkanmaki med rogn.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- ↑ «rogn frå dyr» i Nynorskordboka.
- ↑ «utrogn» i Nynorskordboka.
- ↑ 3,0 3,1 «rogn – zoologi». Store norske leksikon (på norsk). 22. februar 2017.
- ↑ «KOMMISSIONENS FÖRORDNING (EU) nr 1025/2010». 12. november 2010.
- ↑ «Skyddad ursprungsbeteckning helt klar för certifierad Kalixlöjrom». Kalix kommun. 16. november 2010.