Håja
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Håja i Hammerfest.
Håja, opphavleg Håøya, er ei øy i Tromsø kommune i Finnmark. Øya ligg vest for Kvaløya og Sessøya. Håja er ei klippeøy med ei distinkt form, som var inspirasjon då Jan Inge Hovig teikna Ishavskatedralen i Tromsø.[1] Det høgaste punktet på Håja er Nipen på 486 moh.
Håja | |
---|---|
Håja sett frå Sommarøy, juli 2007. Foto: Kjetil Ree
| |
Geografi | |
Stad | Håjafjorden |
Koordinatar | 69°44′N 18°4′E / 69.733°N 18.067°E
|
Høgaste punkt | Nipen (486 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Finnmark
|
Håja er eit gammalt fiskevær, og dokument frå 1500-talet viser at øya alt då hadde mange fastbuande. Ut på starten av 1900-talet slutta derimot fiksehandelen på øya. Deretter vart Håja ei tid brukt til oppdrett av raudrev.[2]
Namnet på øya tyder «den høge øya». Øya har gode høve for fotturar og er ein del av Håja–Røssholmen landskapsvernområde med dyrelivsfreding.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Från Oslo till Nordkap». visitnorway.com. Henta 28. desember 2007.
- ↑ 2,0 2,1 Bent Svinnung. «Håja (Håøya)». turliv.no. Henta 28. desember 2007.