Jan Inge Hovig

norsk arkitekt

Jan Inge Hovig (fødd 11. mai 1920 i Verran, død 4. juli 1977) var ein norsk arkitekt.

Jan Inge Hovig
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mai 1920
Verran kommune
Død

4. juli 1977 (57 år)

Yrke arkitekt
Ektefelle Ingrid Espelid Hovig
Jan Inge Hovig på Commons
Ishavskatedralen, arkitekt Hovigs mest kjende bygning. Dei fleste av verka hans var funksjonalistiske.
Foto: Jma
Harstad kyrkje i Harstad er frå 1958 og er konstruert i ein rektangulær form.
Foto: Kirkenorge.no

Hovig fullførte studiet ved Norges tekniske høgskole i 1946. Frå 1947 til 1950 var han byarkitekt i Narvik under gjenoppbyggingen av byen som hadde vorte bomba under andre verdskrigen i 1940. I 1950 flytta han til Oslo der han oppretta eit eige arkitektkontor. Han er mest kjend for Ishavskatedralen i Tromsø som han teikna fyrste utkastet til i 1960, og som vart fullført i 1965. Denne kyrkja er rekna som den mest kjende bygningen i Tromsø. Kyrkja og arkitekten vart heidra med arkitekturprisen Houens fonds diplom i 2015.[1]

Jan Inge Hovig gifta seg med Ingrid Espelid Hovig i juni 1977, men bere ei veke etter bryllaupet døyde av hjarteinfarkt.[2]

Kjende bygningar endre

Kjelder endre

  1. «Houens Fonds Diplom for 2015 utdelt». Arkitektnytt. Henta 30. januar 2015. 
  2. VG Drømmehytta kan bli århundrets bygg
  3. Arkitekturguide for Nord-Norge Harstad Church
  4. Arkitekturguide for Nord-Norge Tromsø Police Department
  5. Arkitekturguide for Nord-Norge Idrettens hus
  6. Arkitekturguide for Nord-Norge Tromsdalen kirke
  7. Arkitekturguide for Nord-Norge Alfheim svømmehall
  8. steinkjer-avisa.no Full kontroll 12.08.2011