Håkon Magnusson Toresfostre
Håkon Magnusson Toresfostre (fødd 1068/1069, død 1094/1095)[1][2] vart utropt til konge av Trøndelag og Oppland i 1093. Samstundes vart Magnus III Berrføtt teken til konge i Vika. Vika eller Viken var området kring Oslo.
Håkon Magnusson Toresfostre | |
Konge av Noreg (med Magnus Berrføtt) | |
Regjeringstid | 1093-1094 |
---|---|
Fødd | 1068 |
Død | februar 1095 |
Dødsstad | Dovrefjell |
Føregangar | Olav Kyrre |
Etterfølgjar | Magnus Berrføtt |
Dynasti | Hardrådeætta |
Far | Magnus II av Noreg |
Håkon skal ha vore son av Magnus II Haraldson, som var konge frå 1066 til 1069. Ein kjenner ikkje til kven mor hans var.
Han var fosterson av Steigar-Tore, ein mektig mann frå Oppland, og var difor kjend som «Toresfostre». Steigar-Tore stydde opp om kravet om kongsmakt.
Etter å ha vorte teken til konge på Opplanda vart han hylla som herskar på Øyratinget ved Nidaros. Her gav han lovnad om å oppheva fleire plikter for bøndene, som «landøre» og «julegåver».[2]
Magnus Berrføtt godtok ikkje Håkon som medkonge.[2] I 1093 var det kampar mellom Håkon og Magnus Berrføtt. Håkon døydde i 1094 eller 1095 etter å ha blitt sjuk under rypejakt på Dovrefjell.[2] Han hadde berre vore konge i rundt eit år.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- ↑ Håkon Magnusson Toresfostre - Caplex nettleksikon
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Håkon Magnusson Toresfostre - Norsk biografisk leksikon