Hafrsfjord
Hafrsfjord er ein fjord på Nord-Jæren i Rogaland. Fjorden ligg mellom Sola og Stavanger, og fungerer som ei grense mellom Sola kommune og Stavanger kommune. Fjorden er kjend for slaget i Hafrsfjord, som ifølgje sogene samla Noreg til eitt rike.
Hafrsfjord | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Hafrsfjord | |||
Wikimedia Commons: Hafrsfjorden | |||
NamnEndra
Hafrsfjord har fem konsonantar etter kvarandre, «frsfj». Det kan vere at Hafrsfjord er det stadnamnet i Noreg og som har flest konsonantar etter kvarandre.
Den nedervde namneforma er Haffjord, og Hafrsfjord er oppatt-teke frå norrønt Hafrsfjǫrðr. Stadnamnet er samansett av orda hafr (‘geitebukk’) og fjǫrðr (‘fjord’). På moderne norsk tyder Hafrsfjord «Bukkefjord».
Truleg kjem namnet av at ein samanlikna horna til geitebukkar med den farlege traséen i fjordmunningen der det var ein stein som skapte vanskelege seglingsforhold.[1]
HistorieEndra
På Hestnes, i den smale delen av fjorden, ligg Fluberget, som er det største helleristingsfeltet i Sør-Rogaland.
Ved Slaget i Hafrsfjord, som fann stad omkring 872, samla Harald Hårfagre Noreg til eitt rike. Det vart reist eit monument for slaget og samlinga av Noreg kalla «Sverd i fjell». Monumentet står heilt nord i den indre delen av fjorden.
SkildringEndra
Fjorden har innløp mellom Smiodden ved Kvernavik i nord og Fjørnesholmane i sør og strekker seg 9 km sørvestover. Den første halvdelen av fjorden er smal og ligg mellom Kvernavik og Madla i nord og aust og Tananger i sør og vest. Mellom Kvernavik og Tananger går Hafrsfjord bru over fjorden. Brua er om lag 500 meter lang, men går over Prestaskjær som ligg midt i fjorden.
Etter at fjorden har passert Madlasandnes i nord og Hagøya i sør opnar fjorden seg opp og strekker seg her 3,5 km sørover til Stavanger lufthamn, Sola og 2 km nordvestover til Madlamark og Madlamoen. Denne indre delen av Hafrsfjord er om lag 5 km frå nord til sør. På austsida av denne indre delen ligg Forus, Jåttå og Sørnes. I sørenden av fjorden ligg sjølve Sola og flyplassen.
Geografisk einingEndra
Hafrsfjord er òg eit delområde i Madla bydel i Stavanger kommune. Området har eit areal på 5,78 km² i 2005 hadde det 4003 innbyggjarar. Hafrsfjord er igjen inndelt i 8 grunnkretsar.
KjelderEndra
- ↑ «Old Icelandic Poetry: Eddic Lay And Skaldic Verse [PDF] [2fq9i46nkhrg]», vdoc.pub (på engelsk), henta 22. mai 2022