Håpet er ein av mange bydelar i Tromsø og er blant anna ein av dei fyrste drabantbyane som blei etablert her. Bydelen ligg på nord-vestsida av Tromsøya, og har på sommaren sol nesten 24 timer i døgnet når midnattsola skin.

Natur

endre

Håpet ligg nokon minuttar unna fri natur, kor ein på vinteren kan la seg freiste av akebakkar og nypreparerte lysløyper som strekkjer seg over heile Tromsøya. Om sommaren finn ein eit stort utval av stiar ein kan nytte seg av, kor ein kan plukke blåbær og kantarell om ein ynskjer. Ein ynda utfluktsstad sommar som vinter er skihytta i Tromsø, som ligg ved lysløypa berre nokre minuttar unna Håpet.

Institusjonar og føretak

endre

Kjelder

endre