Höfði er eit hus på Félagstúni i Reykjavik, hovudstaden på Island. Huset vart bygd i 1909 for den franske konsulen på Island, Jean-Paul Brillouin og er eit verk av den norske arkitekten Olav Olson.[1] Huset er mest kjent for toppmøtet mellom Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov i 1986. Dette møte vart eit steg mot slutten på den kalde krigen. Inne i huset er flagga til USA og Sovjetunionen hengt opp i kryss til minne om møte.

Höfði
Tavle som syner soga til radiosambandet.

Reykjavik by kjøpte huset i 1958 og restaurerte det til tidlegare pryd. Frå da er huset brukt til formelle mottak og festlege hendingar.

Den 25. september 2009 på 100 årsdagen til Höfði vart huset skadd i ein brann.[2] Alle verdfulle kulturminne vart redda.

Historisk radiosamband endre

Huset vart og nytta til det første radiosambandet som vart oppnådd mellom Island og omverda 26. juni 1905. Sambandet vart oppnådd med Poldhu i Cornwall i Storbritannia.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Artikkelen er omsett frå Engelsk Wikipedia.