Høye Kvåle (18791967) var ein kjend spelemann frå Seljord i Telemark. Han er morbror til spelemannen Eivind Mo.

Høye Kvåle
Fødd1879
Død1967 (88 år)
Verka sommusikar

Høye Kvåle var son av Anne og Eivind Kvåle frå Seljord. Både faren og mora var kjende med slåttetradisjon, og faren skal ha spela noko sjølv. Elles lærte Høye mykje spel av Kjetil Håvardsson, son av Håvard Gibøen. Denne tradisjonen førte han vidare, og sytte for at systersonen fekk grunnopplæring i slåttespel.

Han er gravlagd på kyrkjegarden i Seljord.

To gangarar etter Høye Kvåle er utgjeve i Hardingfeleverket, band I. Den eine er gangaren Austaden[1] (nr 61), som Høye Kvåle hadde etter foreldra sine. Desse hadde lært han av spelemannen Åsmund Nordgard frå Åseral. Den andre er ein systerslått, ein variant av Kivlemøyane, som Kvåle hadde etter Kjetil Håvardsson (98c). Høye Kvåle er ein av dei viktigaste kjeldene til denne slåttekrinsen i Aust-Telemark, og mellom anna Hauk Buen spelar desse i tradisjon etter han.

Fotnotar endre

  Denne folkemusikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.