Opna hovudmenyen

Høylandet er ein tettstad og administrasjonssenteret i Høylandet kommune i Trøndelag fylke. Tettstaden ligg ved fylkesveg 17 (Kystriksvegen) vest for lakseelva Søråa og har 323 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Høylandet
tettstad
Hoeylandet fraa lufta.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Høylandet
Areal 0,43 km²
Folketal 323 (2017)
Folketettleik 751 / km²
Innbyggjarnamn hålling
Preposisjon Høylandet
Wikimedia Commons: Høylandet (village)

På Høylandet er det kombinert barne- og ungdomsskole. Her ligg også Norsk Revyfaglig Senter, som kvart andre år arrangerer Norsk revyfestival. På Romstad om lag 2 km nord for tettstaden står Høylandet kyrkje, ei langkyrkje frå 1860.

Frå Høylandet tar fylkesveg 775 av til Gartland i Grong kommune, med vidare samband til E6 og Nordlandsbanen.

Sjå ògEndra

KjelderEndra