HB «Sundfoil I»

(Omdirigert frå HB «Tjelden» (1968))

HB «Tranen» i opplag i Bergen i 1982. Foto: Harald Sætre
Karriere  Sverige
Namn: HB «Sundfoil I»
Eigar: Sundfart
Verft: Westermoen Hydrofoil i Mandal
Verftsnummer: 2
Sjøsett: 1963
Teke ut av teneste: 1965
Heimehamn: Malmø
Kjennemerke: LXFN
Generelle mål
Type: Hydrofoil
Tonnasje: 68 bruttotonnregister, 39 nrt
Lengd: 64,3 fot (19,6 m)
Breidd: 16,6 fot (5,1 m)
Djupgang: 8,1 fot (2,5 m)
Installert effekt : 1350 bhk
Framdrift: 12cyl. 4T EV DM (Daimler-Benz, Stuttgart)
Karriere  Noreg
Namn: MF «Tjelden»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Sett i teneste: 1968-1980
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LXFN
Karriere  Noreg
Namn: HB «Tranen»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Sett i teneste: 1980
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: HB «Exfoil»
Eigar: 1982: Audun Ørgersen
1986: Erik A. Lien
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Opphogd 1992-1995

HB «Sundfoil I», seinare HB «Tjelden», var ein hydrofoilbåt som vart levert frå Westermoen Hydrofoil i Mandal for AB Sundfart i Malmö i Sverige.

I 1965 vart båten seld til AB Sundtrafik i Hälsingborg, før han i 1966 vart seld til A/S Masl (Leon Bodd) i Oslo. Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap kjøpte inn båten i 1968 og gav han namnet «Tjelden». I 1980 vart namnet endra til «Tranen».

Båten vart i 1982 seld til Audun Ørgersen, som demonterte foilane og nytta han som husbåt. I september 1986 vart han seld til Erik A. Lien i Ask/Bergen. I juli 1992 vart båten observert hos Brødrene Anda i Stavanger og vart klargjort for hogging. I mai 1995 var båten hogd.

Rute endre

H/B «Tjelden» gjekk i rute mellom Bergen og Ølen i Sunnhordland, med stopp undervegs i Leirvik, Tittelsnes og Skånevik. Ruten vart utført to ganger dagleg tur/retur.

Kjelder endre