Malmö

(Omdirigert frå Malmø)

55°36′5.8572″N 13°0′13.295″E / 55.601627000°N 13.00369306°E / 55.601627000; 13.00369306

Malmö
by
Våpenskjold
Land  Sverige
Areal 7 833 km²
Folketal 325 069 (31. desember 2020)
Kart
Malmö
55°35′35″N 13°01′17″E / 55.593188589918°N 13.021423031021°E / 55.593188589918; 13.021423031021
Wikimedia Commons: Malmö
S:t Petri-kyrkja i Malmö
Stadsbiblioteket
Fosie, med Turning Torso i bakgrunnen

Malmö (dansk Malmø) er ein by i Malmö kommun i Skåne, sør i Sverige. Byen voks fram på 1200-talet, og er administrasjonssenter for både Skåne län og Malmö kommun. Byen Malmö er den tredje største i Sverige med 280 415 innbyggjarar i 2011.

28 % av folkesetnaden i Malmö er fødde i utlandet, og til saman 174 land er representert. I løpet av dei siste tiåra har Malmö gått frå å vere ein utprega industriby til å ha eit variert næringsliv med svært mange arbeidsplassar innan handel og tenesteyting. Det er òg stor innpendling frå omegnskommunane. Største arbeidsgjevarar er Malmö stad, Skåne län og Skanska Sverige AB.

Malmö har bl.a veg- og jernbanesamband til København via Øresundsbrua og ferjesamband med Travemünde/Lübeck.

Det tyske namnet på byen var Elbogen (som 'olboge') med tanke på bogeforma til kysten ved Limhamn. Tidlegare betydde ordet malm òg grus.[1] Det mest påfallande landemerket i byen er Turning Torso, som med ei høgd på 190 meter er ei av dei høgaste bustadblokkene i Europa.

Historie endre

Historia til Malmö går tilbake til midten av 1200-talet. I 1275 blir Malmö omtalt som stad første gongen, og etter at byen i 1360 hadde fått danske kjøpstadsrettar, utvikla han seg raskt til å bli ein av dei mektigaste handelsbyane i Norden og den viktigaste i Danmark etter København, og ei viktig festning. Byen opplevde ei ny blomstring i første halvdelen av 1500-talet. Ved freden i Roskilde 1658 vart grensa mellom Sverige og Danmark trekt i Øresund, og Malmö vart svensk. I hundreåra som følgde var byen fleire gonger gjenstand for danske åtak og kringsetjing.

Malmö opplevde ein ny vekst frå byrjinga av 1800-talet. Folketalet passerte 100 000 i byrjinga av 1910-åra og 200 000 omkring 1950.

Demografi endre

Malmö er ein multikulturell by der det vert snakka 150 språk og og 174 nasjonalitetar er representert.[2] Av byens 302 835 innbyggjarar[3] er 41 % første- eller andreigenerasjonsinnvandrarar.[4] dei største gruppene av innvandrarar er frå dei følgjande landa[5]:

  1.   Irak (9 940)
  2.   Danmark (8 972)
  3.   tidlegare Jugoslavia (8 426)
  4.   Polen (7 053)
  5.   Bosnia og Hercegovina (5 969)
  6.   Libanon (3 780)
  7.   Iran (3 375)
  8.   Tyrkia (2 110)
  9.   Ungarn (2 038)
  10.   Romania (2 014)

Malmö har vore gjenstand for internasjonal merksemd på grunn av den demografiske utviklinga.[6][7][8]

Kriminalitet endre

I 2010 var Malmö den byen med nest flest melde lovbrot i Sverige. Talet var på 20 696 anmeldte lovbrot per 100 000 innbyggjarar.[9] Det er noko lågare enn Stockholm med 21 035[10], og ein del høgare enn landsgjennomsnittet på 14 605.[11] Når det gjeld kvardagskriminalitet har talet på anmeldingar per innbyggjar fall med 20% det siste tiåret[12], men når det gjeld valdskriminalitet, valdtekt og ran har talet auka kraftig. Per 100 000 innbyggjarar var det meldt 1 053 valdstilfelle i 1996, over femten år har talet auka til 1 727. Mengda valdtekter per 100 000 innbyggjarar har auka frå 109 til 217[13], og mengda ran har auka frå 424 per år til 984 i same periode.[14][15] I 2010 var det 64 drapsforsøk og 12 drap i Malmö[16], politiet har vore utsett for fleire bombeåtak[17][18], og i periodar vil ikkje politiet flytte seg inn i nokre bydelar.[19] Fleire av drapa i byen blir kopla til gjengkriminalitet.[20]

Malmös «lasermann» endre

I 2010 var det fleire skyteepisodar i Malmö der ein mann skaut på tilfeldige innvandrarar, og då spesielt innvandrere med mørk hud.[21] Gjerningsmannen fekk kallenamnet «Malmös lasermann» av media. Motivet for skyteepisodene trur ein var rasisme.[22]

Kultur og utdanning endre

Malmö er sete for landshøvdingen i Skåne län. Byen har to dagsaviser og Sveriges Radios regionsentral for Skåne og Blekinge. Her er universitetssjukehus, lærarhøgskule, tannlegehøgskule, musikkhøgskule, teaterhøgskule og kunsthøgskule. Her ligg òg World Maritime University (SN). Malmö Stadsteater vart opna 1944.

Byskildring endre

Den eldste delen av Malmö er Gamla staden, men riktig gamle hus finst berre spreitt. Nokre av dei mest kjende er rådhuset frå 1546, landshøvdingsresidensen frå 1600-talet og Jörgen Kocks hus (1523). Bydelen er omgjeve av kanalar og i vest avgrensa av Kungsparken, Slottsparken og slottet Malmöhus, oppført av Christian III 1536–42, no museum med samlingar av kunst, kultur- og naturhistorie. St. Petri kyrka, ferdig 1332, er etter Lund domkyrkje den største i Sør-Sverige. Vest for sentrum ligg bydelen Slottsstaden med moderne bustadbygg og det 27 etasjar høge kontorbygget «Kronprinsen» frå 1964. Lenger vest er villaområde og fleire strandbad. I sør er parkområdet Pildammsparken og fleire store idrettsanlegg; austom sentrum ligg det omdiskuterte bustadområde Rosengård med høgblokker frå 1960-åra. I 2005 vart han 190 m høge skyskraparen Turning Torso, teikna av Santiago Calatrava, ferdigstilt.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. www.ts.skane.se/fakta/ortnamn-i-skaane
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2011, henta 4. juli 2012 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. april 2010, henta 4. juli 2012 
  4. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 19. juni 2013, henta 19. juni 2013 
  5. «Malmöbor med utenländsk bakgrunn, 1. jan 2012» (PDF). Malmö stad. Arkivert frå originalen (PDF) 18. mars 2014. Henta 7. mars 2012. 
  6. http://www.foxnews.com/story/0,2933,139614,00.html
  7. http://www.cbn.com/CBNnews/556299.aspx
  8. http://wn.com/cbn_malm%C3%B6,_sweden_growing_muslim_influence
  9. http://www.brottsportalen.se/index.php?curPage=28&kommun=110
  10. http://www.brottsportalen.se/index.php?curPage=28&kommun=142
  11. arkivkopi, arkivert frå originalen 18. mars 2014, henta 4. juli 2012 
  12. http://www.brottsportalen.se/index.php?curPage=28&kommun=110
  13. http://www.brottsportalen.se/index.php?curPage=28&kommun=110
  14. http://affes.wordpress.com/2011/03/16/malmo-valdsbrott-och-ran-slar-rekord/
  15. http://statistik.bra.se/solwebb/action/index
  16. http://www.bra.se/download/18.395cc8381309cd1546c80003133/120Ln12-2010.xlsx
  17. http://www.sydsvenskan.se/malmo/article1350379/Bil-skadad-i-explosion-pa-Rosengard.html
  18. http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.7977195
  19. http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=10077703
  20. http://www.sydsvenskan.se/malmo/article1554345/Mord-och-skottlossningar-med-gangkoppling-2011.html
  21. http://www.aftenposten.no/meninger/leder/article3868681.ece
  22. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article3867273.ece

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Malmö