HaBesorelva
HaBesor (hebraisk נחל הבשור, Nahal HaBesor) er ein wadi sør i Israel. Elva byrjar ved fjellet Boker (nær Sde Boker) og munnar ut i Middelhavet nær Deir al-Balah på Gazastripa, der ho vert kalla Wadi Gaza. Elva er den største i det nordlege Negev, og i lag med dei største sideelvane, Grar og Beersheba, når ho heilt til Sde Boker, Yeruham, Dimona og Arad/Tel Arad.[1] Mykje av vatnet i Wadi Gaza vert nytta i Israel ved hjelp av dammar,[2] og er den einaste større vasskjelda på Gazastripa[3] Wadi Gaza renn gjennom eit våtmarksområde, Gazadalen, som i 2012 vart nytta til å dumpe avfallsvatn.[4]
HaBesorelva | |||
elv | |||
Ei bru over HaBesor vest i Negev
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 31°17′13.28″N 34°29′7.12″E / 31.2870222°N 34.4853111°E | ||
HaBesorelva 31°17′13″N 34°29′07″E / 31.287022222222°N 34.485311111111°E | |||
Kart som viser HaBesorelva.
| |||
Wikimedia Commons: Besor Stream |
Historie
endreI Gamletestamentet var Besor ei kløft eller ei elv heilt sørvest i Judea, der 200 av mennene til kong David vart verande att fordi dei var utmatta, medan 400 andre forfølgde amalekittane[5][1]
Geografi
endreHaBesor strekkjer seg frå den israelske grensa ved Gazastripa til Urim kibbutz i sør. Sletta som elva renn over ligg 70-80 meter over havet.[1]
Sideelvar frå sør til nord er HaRo'e Stream, Boker, Mesora, Zalzal, Revivim, Atadim, Beersheba, Grar, Assaf, Amar, Sahaf og Wadi Abu Katrun.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «HaBesor River» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Vilnai, Ze'ev (1976). «Besor (Stream)». Ariel Encyclopedia. Volume 1. Tel Aviv i Israel: Am Oved. s. 1065–1066.
- ↑ Israel 'opens dams' flooding Gaza Strip near Deir al Balah Arkivert 2014-10-06 ved Wayback Machine.. Ma'an News Agency, 13. desember 2013
- ↑ Integrated Water Resources Management and Security i Midtausten, s. 109. Clive Lipchin; Springer, 2007
- ↑ [arij.net/node/5905siege Gaza's Valley of Slow Death]. Muhammad Othman, ARIJ, 30. juli 2012
- ↑ 1. Sam 30:9-10, 1. Sam 30:21