Opna hovudmenyen

Deir al-Balah eller Dayr al-Balah (arabisk دير البلح) er ein palestinsk by sentralt på Gazastripa og det administrative senteret i Deir el-Balah guvernement. Han ligg over 14 km sør for Gaza by.[1] Byen hadde eit folketal på 54 439 i 2007.[2] Byen er kjend for daddelpalmene sine, som han er kalla opp etter.

Deir al-Balah
دير البلح, Dayr al-Balah
kommune
Deir al-Balah.jpg
Deir al-Balah i 2008
Våpenskjold
Namneopphav: Daddelpalmeklosteret
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Deir al-Balah guvernement
Koordinatar 31°25′08.38″N 34°21′05.77″E
Areal 14,7 km²
Folketal 54 439 (2007)
Folketettleik 3 703 / km²
Grunnlagd 1300-talet fvt.
 - Bystatus 1994
Borgarmeister Sa'ed Nassar
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Deir al-Balah

Deir al-Balah er datert attende til sein bronsealder då han var ein militær utpost for Det nye kongedømet i Egypt. Det vart bygd eit kloster der av den kristne munken Hilarion midt på 300-talet evt. og ein trur at det er staden der det i dag ligg ein moské tileigna St. Georg, lokalt kalla al-Khidr. Under krigane mellom krossfararane og ajjubidane, var Deir al-Balah åstad for ei strategisk kystbort kalla «Darum», og denne vart det stadig kjempa om. Ho vart riven ned og bygd opp att av begge sider før ho endeleg vart rive ned i 1196. Etter dette voks staden til å bli ein stor landsby langs postruta i mamelukk-tida frå 1200-talet til 1400-talet, og tente som eit bispesete for den gresk-ortodokse kyrkja i Jerusalem i osmansk tid fram til seint på 1800-talet.

Under egyptiske kontroll i Deir al-Balah, tredobla folkesetnaden seg på grunn av eit stort inntog av flyktningar frå den arabisk-israelske krigen i 1948. Byen var ein velståande jordbruksbruk fram til han vart erobra av Israel i seksdagarskrigen. Etter 27 år med israelsk okkupasjon, vart Deir al-Balah den første byen som kom under palestinsk sjølvstyre i 1994. Etter utbrotet av den andre Intifada i 2000, har han ofte vore utsett frå åtak frå den israelske hæren som hevdar målet er å stoppe Qassam-rakettar frå å bli avfyrt inn i Israel.[3][4][5]

HistorieEndra

OldtidaEndra

 
Egyptisk sarkofag datert til sein bronsealder i Deir al-Balah.

Historia til Deir al-Balah er datert attende til midten av 1300-talet fvt.[1] PÅ den tida var han ein utpost i Det nye kongedømet i Egypt.[6] Under regjeringstida til Ramesses II (1303-1213 fvt.) vart Deir al-Balah den austlegaste av seks garnisonsfestningar i Aust-Middelhavet,[7] som starta frå Sinai-fortet i vest.[8] Tre firkanta bygningar hadde fire tårn i kvart hjørne, og hadde eit eige vassreservoar.[7] Arkeologiske funn i Deir al-Balah har avdekt ein stor gammalegyptisk gravplass med smykke og andre personlege eigedelar. Innbyggjarane i festninga nytta seg av tradisjonelle egytpiske teknikkar og kunst i arkitekturen sin.[8] Deir al-Balah vart verande under Egypt fram til kring 1150 fvt. då filistrane erobra det sørlege kystområdet av Kanaan.[6]

Under bysantinsk styre, vart den første eremitasjen i Palestina grunnlagd av den tidlege kristne munken Hilarion der dagens Deir al-Balah ligg. Hilarion bygde først ei lita hytte der, men under regjeringstida til Konstantios II (337-361) sette han opp ein eremitasje. Mot slutten av livet hans voks klosteret og byrja å trekkje til seg vitjande. Hilarion budde i klosteret i alt 22 år før han reiste til Kypros der han døydde i 371 evt. Eremitasjen var delt i fleire mindre celler og bygd av leirsteinar og palmetregreiner.[9] I følgje ein lokal tradisjon og observasjonar frå vestlege reisande på 1800-talet, dekkjr al-Khidir-moskeen i dag bønehallen i Hilarionklosteret. Den franske oppdagaren Victor Guérin noterte seg to marmorsøyler i moskeen som kanskje var ein del av eit kloster frå bysantinsk tid.[10]

I 632, tidleg i islamsk styre av Arabia, sette den muslimske kommandanten Usama ibn Zayd i gang fleire raid mot den bysantinske Darum, som ikkje refererer direkte til Deir al-Balah, men til området sør for Lydda der dagens Deir al-Balah ligg.[11] Staden var ein av dei første stadane i Palestina som vart annektert av Rashidun-kalifatet etter erobringa av Gaza av Amr ibn al-'As i 634.[12] Gjennom det tidlege muslimsk-arabiske styret og fram til krossfararane kom seint på 1000-talet, refererte «Darum» vanlegvis til det sørlege distriktet Jund Filastin der hovudstaden byta mellom Bayt Jibrin og Hebron.[11]

Fatimide-kalifen al-Aziz gav vesiren Yaqub ibn Killis eit len i dagens Deir al-Balah, slik det står på ein inskripsjon datert til 980-åra i al-Khidr-moskeen i byen. Lenet inkluderte ein eigedom med daddelpalmer.[13]

Krossfararar og ajjubidaneEndra

Deir al-Balah vart bygd i ruinane etter krossfararborga Darom (òg kalla «Doron») som vart bygd av kong Amalric I.[1] Borga vart truleg reist etter 1153 då Amalric erobra Ascalon i nord frå Fatimidekalifatet.[12] Vilhelm av Tyr skildra borga som lita, firkanta med fire tårn, der det eine var større enn dei andre.[14] Amalric nytta Darom som utgangspunkt for fleire mislukka militære felttog mot fatimidane i Egypt.[15] I tillegg til rolla si som grenseborg ved grensa til Egypt, var Darom òg eit administrativt senter som hadde ansvar for å samle skattar i dei sørlege områda av kongedøme, og toll frå karavanar og reisande frå Egypt. Han vart rekna som ein stadig trugsel av herskarane i Egypt.[15]

Ikkje lenge etter han var bygd, var det grunnlagd ein liten forstad eller landsby med ei kyrkje av lokale bønder og handelsmenn, like utafor borga. I følgje mellomalderhistorikaren William av Tyr, «det var ein behageleg stad, der livstilhøva for den lågare standen var betre enn i byane.»[16] Folkesetnaden i landsbyen bestod av innfødde, austlege kristne som var allierte med og verna av krossfarane og garnisonen i borga. Innbyggjarane vart rekna som lågare stand, men viktige medlemmar av samfunnet av krossfararane. Sidan Darom ikkje hadde ein gresk biskop, gav pave Aleksander III i 1168 den latinske patriarken i Jerusalem direkte kontroll over bispesetet, og førte slik dei stort sett gresk-ortodokse innbyggjarane under den katolske kyrkja.[17]

Då Amalric trekte seg attende etter den femte offensiven mot Egypt i 1170, gjekk den muslimske generalen Saladin, som kjempa på vegne av fatmidiane, til åtak og kringsette borga, som ein del av åtaket mot krossfarane og kongedømet Jerusalem. Darom vart ikkje erobra eller øydelagd.[15] Seinare vart borga ein skanse for Tempelriddarane og Maltesarordenen frå Jerusalem, leia av kong Baldwin III.[18] Etter muslimhæren slo krossfararane i det avgjerande slaget ved Hattin i 1187, rykka Saladin, no ein sjølvstendig sultan i Ajjubide-riket, sørover og erobra både Ascalon og Darom i 1188. Han gav først ordre om å øydelegge borga, men ombestemte seg sidan.[15] I staden vart festninga kraftig utvida og forsterka. «Darum», som muslimane kalla staden, fekk ein stor mur kring seg med 17 kraftige tårn, verna av ei djup vollgrav.[19] Han hadde ein garnison kommandert av emiren Alam ad-Din Qaysar og tente som lager for forsyningar og ammunisjon.[15]

Krossfararane tok attende festninga den 24. mai 1191 etter ei kort omleiring kommandert av Rikard Løvehjarta.[15] Styret av Darum vart gjeven til Henrik I av Champagne, men Rikard fek seinare øydelagd festninga i juli 1193, før han trekte styrkane sine attende frå Ascalon.[20] Ajjubidane i Egypt bygde opp att festninga kort tid etter, for å nytte ho som eit bruhovud og ta attende territoria dei tapte i Palestina under det tredje krosstoget. Likevel valde ajjubide-sultanen al-Aziz Uthman i 1196 å øydeleggje festninga, i tillfelle ho vart teken att av krossfararane. I følgje historikaren al-Maqrizi på 1400-talet, mislikte ålmenta dette sidan reisande og handelsmenn nytte godt av vernet borga gav.[15] I 1226 vitja den syriske geografen Yaqut al-Hamawi Darum og skreiv at det var ein av byane til Lot og inneheld ruinane av ei borg.[21]

MamelukkaneEndra

Etter festninga vart øydelagd, veit ikkje kor lenge Darum stod folketom, men han vart etter kvart busett på ny under styret til mamelukkane, som byrja i 1250. Gjennom det meste av mamelukk-tida, var byen under Gaza Niyabah (Gaza-provinsen), i den større Damaskus mamlaka(Kongedømet Damaskus)[22] I lag med Karatiyya og Beit Jibrin,[23] var Darum ein amal («distrikt») i Gaza-provinsen med ein sigen wali («guvernør»)[22]

Han vart ein stoppestad langs den nye postruta mellom Damaskus og Kairo, som vart styrt av sendebod til hest med fargerike skjerf.[18] Den syriske historikaren Ibn Fadlallah al-Umari nemnte ikkje Darum i lista si over stoppestader på ruta i 1349 og skreiv i staden at al-Salqah var den einaste posten mellom Rafah og Gaza, noko som indikerer at Darum ikkje var ein stor stad på den tida. Men den egyptiske historikaren Ahmad al-Qalqashandi på 1300-talet skreiv at Darum var den siste stoppestaden før Gaza. Vegar, bruer og poststasjonar og ein khan vart bygd i byen for å ta seg av sendeboda. Brevduer vart sette i tårna som vart bygd. Varer frå Darum på denne tida var bygg, kveite, druer og drueblad, oliven, bringebær, sitronar, fiken, melonar, granateple og dadlar.[18]

Osmansk tidEndra

Ei stund før den osmanske erobringa av Palestina i 1516, eller dei første åra av osmansk styre, fekk Darum tilnamnet «Deir» som i «Deir Darum» etter det bysantinske klosteret.[24] Landsbyen forsette å vekse i tidleg osmansk tid.[25] Under den første osmanske skatteteljinga i 1525 var Deir al-Balah ein relativt stor landsby med ein blanda, religiøs folkesetnad på 87 kristne familiar og 56 muslimske familiar.[19] I 1596 var han ein del av Gaza sanjak og hadde ein muslimsk majoritet på 175 muslimske familiar og 125 kristne familiar.[26][27] Med eit estimert folketal på 1 500, var han ein av åtte landsbyar på dent ida som hadde mellom 1 000 og 2 000 innbyggjarar.

Dødsraten i Deir al-Balah auka i 1862 på grunn av stilleståande drikkevatn frå myrane kring byen. Myrane inneheldt berre vatn til visse tider av året, og oppstod kvar vinter.[9] Eit år seinare, i 1863, skreiv den franske oppdagaren Victor Guérin at Deir al-Balah var ein liten, delvis ruinert landsby med eit folketal på 350. Daddeldyrking var den viktigaste næringa til innbyggjarar.[28] I 1878 skreiv Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine at Deir al-Balah hadde vokse til ein stor landsbyen med leirsteinshus og «med brunnar og eit lite tårn.» På den tida var han eit bispesete for den gresk-ortodokse kyrkja i Jerusalem.[29][30][31]

Moderne tidEndra

 
Den britiske krigsgravplassen i Deir al-Balah, 1918.

Deir al-Balah vart erobra av den britiske hæren etter at Khan Yunis overgav seg den 28. februar 1917. I april vart det oppretta ein flyplass og ein militærleir der og Deir al-Balah vart utgangspunktet til dei britiske styrkane mot dei osmanske Gaza og Beersheba i nord og nordaust.[32] Av dei 25 britiske krigsgravplassane frå fyrste verdskrigen, vart ein av dei seks største lagt ved Deir al-Balah i mars 1917.[33] Han var i bruk fram til 19. mars og inneheld i alt 724 graver.[32] Byen vart ein del av Palestinamandatet frå 1922.

Før den arabisk-israelske krigen i 1948 deltok innbyggjarane i Deir al-Balah i eit lokalt åtak mot den nærliggande kibbutzen Kfar Darom, trass i at dei vart frårådd dette av offiserar i den egyptiske hæren, men dei vart drivne attende og leid store tap.[34] Egypt erobra byen i lag med resten av Gazastripa under krigen og oppretta sidan eit rettssystem basert på sjaria.[35] Det egyptiske styret førte til relativt velstand i Deir al-Balah. Særskild sitrusindustrien gjekk godt i byen, då det vart oppdaga store underjordiske vassreservar i nærleiken.[36]

Under seksdagarskrigen i juni 1967 leia borgarmeisteren i Deir al-Balah, Sulaiman al-Azayiza ei kort stund den lokale motstanden mot den komande israelske hæren før byen formelt overgav seg kort tid etter. Israelske styresmakter tok kontroll over kjelda, ei viktig kjelde til kunstig vatning. Dette og aukande konkurranse med israelske sitrusbønder, øydela den lokale sitrusindustrien.[36]

Den første intifadaen braut ut i 1987, deltok innbyggjarar i Deir al-Balah i opprøret mot det israelske styret. Kring 30 innbyggjarar vart drpene under opprøret,[36] som formelt enda i 1993, då Osloavtalen mellom Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) og Israel vart signert. I 1994 vart Deir al-Balah den første byen som offisielt kom under kontrollen til Den palestinske sjølvstyresmakta.[37]

Byen har ofte vore mål for isarelske militæråtak etter den andre Intifada i 2000, delvis på grunn av Qassam-rakettåtak frå palestinske militante.[3][4][5]

Under kampane på Gazastripa i juni 2007, som enda med at Hamas fekk kontroll over området, vart minst fire paramilitære frå Hamas og Fatah drepne i Deir al-Balah.[38][39][40] Den 2. januar 2009 vart Deir al-Balah bomba av den israelske hæren som ein del av den månadlange offensiven Operasjon Cast Lead.[41]

GeografiEndra

Deir al-Balah ligg midt på Gazastripa, langs kysten av det austlege Middelhavet.[42] Sentrum av byen ligg 1 700 m aust for kysten, medan oldtidsbyen Darum ligg 3 km sør for sentrum.[1] Sjølv om kommunegrensa til byen strekkjer seg austover mot grensa til Israel, strekkjer ikkje byområdet seg forbi Salah al-Din hovudveg i aust.[43]

I nærleiken ligg Nuseirat-leiren og Bureij-leiren i nord, Maghazi-leiren i nordaust og Wadi as-Salqa i sør. Khan Yunis ligg 9,7 km sør for Deir al-Balah og Gaza by ligg 14,6 km i nord.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Sharon, 2004, s.11.
  2. Table 14: Stader in Deir al Balah guvernement by Type of Locality and Selected Indicators, 2007. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). 2009. s. 62.
  3. 3,0 3,1 «US Calls on Israel to Withdraw». BBC News. 28. august 2001. Henta 5. september 2015. .
  4. 4,0 4,1 «Fresh incursion in Gaza». BBC News. 14. februar 2002. Henta 5. september 2015. .
  5. 5,0 5,1 «A New Role for Hamas: Running Gaza's Byar». The New York Times (The New York Times Company). 27. mai 2005. Henta 5. september 2015. 
  6. 6,0 6,1 Bunson, 2002, s. 96.
  7. 7,0 7,1 Morkot, 2003, s.91.
  8. 8,0 8,1 Bunson, 2002, s.97.
  9. 9,0 9,1 Bitton-Ashkelony and Kofsky, 2004, s.68.
  10. Bitton-Askhelony and Kofsky, 2004, s.69.
  11. 11,0 11,1 Schick, 1995, s. 280
  12. 12,0 12,1 Sharon, 2004, s. 12.
  13. Sharon, 2004, s. 16.
  14. Ellenblum, 2003, s. 137; William of Tyr i Libanon|Tyr, XX, xix.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 15,6 Sharon, 2004, s. 13.
  16. Ellenblum, 2003, s. 137-138.
  17. Ellenblum, 2003, s. 139.
  18. 18,0 18,1 18,2 Shahin, 2005, s. 421-423.
  19. 19,0 19,1 Ellenblum, 2003, s. 140.
  20. Pringle, 1993, p 195.
  21. le Strange, 1890, s. 437.
  22. 22,0 22,1 Ziadeh, 1953, s. 24.
  23. Ziadeh, 1953, s. 13.
  24. Orni and Efrat, 1973, s. 397.
  25. Petersen, 2005, s. 44.
  26. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 144.
  27. Petersen, 2005, s. 140.
  28. Guerin 1869, 223 ff
  29. Conder og Kitchener 1881, s. 234
  30. Conder og Kitchener 1881, s. 247
  31. Conder og Kitchener 1881, s. 248
  32. 32,0 32,1 «Deir El Balah War Cemetery». Commonwealth War Graves Commission (CWGC). Henta 5. september 2015. 
  33. El-Eini, 2006, s. 62.
  34. Gelber, s. 57.
  35. Burgel, 1985, s. 31.
  36. 36,0 36,1 36,2 Helm, Sarah (15. mai 1994). «A future of orange juice and justice: Gaza town aims for prosperity». The Independent. Henta 5. september 2015. 
  37. Page, 1993, s. 164.
  38. «Qassam Brigades fighter dies of wounds sustained in recent factional clashes». Ma'an News Agency. 15. juni 2007. Henta 5. september 2015. 
  39. «Fatah man found dead in central Gaza and young boy killed by an explosion». Ma'an News Agency. 16. juni 2007. Henta 5. september 2015. 
  40. «Death toll reaches 43 i past 48 hours as the conflict intensifies in Gaza». Ma'an News Agency. 12. juni 2007. Henta 5. september 2015. 
  41. «Day seven: 430 killed, over 2 200 injured since Saturday». Ma'an News Agency. 2. januar 2009. Henta 5. september 2015. 
  42. Agha, Salah R. (2006). «Optimizing Routing of Municipal Solid Waste Collection Vehicles in Deir al-Balah» (PDF). Islamic University of Gaza Journal. Henta 5. september 2015. 
  43. «Gazastripa Mapping Movement and Access» (PDF). Gisha-Legal Sentral for Freedom of Movement. July 2011. Henta 5. september 2015.