Habaka (arabisk حبكا) er ein liten småby i åsane nord i Jordan, 75 km nord for hovudstaden Amman, og kring 5 km sør for Irbid. Regionen har særs frodig jord og godt klima, som gjev gode vekstvilkår for jordbruk. Hovudprodukta som vart dyrka her er oliven og druer. Åsane her er dekte av furuskogar som strekkjer seg frå Ajloun.

Habaka
landsby
Land  Jordan
Guvernement Irbid guvernement
Koordinatar 32°28′N 35°51′E / 32.467°N 35.850°E / 32.467; 35.850
Folketal 1 800
Kart
Habaka
32°28′00″N 35°51′00″E / 32.46666667°N 35.85°E / 32.46666667; 35.85

Habaka har kring 1800 innbyggjarar.[1]

Historie endre

Det er gjort funn på Tell Johfiyeh i nærleiken, som går attende til jernalderen.[2] Ein av dei kjende islamske vitskapsmennene , ‘Ali bin Ziadah bin abd Alrhman Alhabaki Alshafie’ var frå Habaka og døydde i 1364.[3]

Kjelder endre

  1. Source of Demografi, arkivert frå originalen 5. mai 2006, henta 5. oktober 2015 
  2. Irbid.net[daud lenkje]
  3. Irbid.net[daud lenkje]