Hafjell

fjell i Øyer kommune

Hafjell er eit fjell på 1065 moh. i Øyer kommune i Oppland i Innlandet fylke. Hafjell Alpinsenter er bygt frå Hafjell og ned til Åsletta i Øyer kommune.

Hafjell
fjell
Land  Noreg
Fylke Innlandet fylke
Område Øyer
Høgd 1 065 moh.
Koordinatar 61°13′52″N 10°31′31″E / 61.2310°N 10.5253°E / 61.2310; 10.5253
Kart
Hafjell
61°13′52″N 10°31′31″E / 61.23103°N 10.52528°E / 61.23103; 10.52528

Namnet endre

På kart frå 1800-talet er namnet skrive «Affjeldet» (dvs Av-fjellet) - og tydinga av namnet vert då «fjellet som er skild av frå eit større fjell». Her meiner ein Nevelfjellet (1089 moh). Omkring år 1900 vart derimot uttalen av namnet slite ned til /"a:fjelle/, og det vart då sett inn ein 'emfatisk h' for å få ein betre markering av forleddet.

Hafjell Alpinsenter endre

Då Noreg fekk OL i 1994 vart det gjort ei stor utreiing i området Lillehammer, Øyer, Hafjell og Kvitfjell. OL-komiteen likte det som vart foreslått og dei fekk aksept for å halde OL i området. Hafjell ligg berre 23 mil frå Oslo og turistar frå heile verda strøymde på. Det var først etter OL at Hafjell fekk ein meir anerkjend status.

Hafjell Alpinsenter ligg ved inngangen til Gudbrandsdalen, 15 kilometer nord for Lillehammer. Det olympiske løypenettet er vorte vidareutvikla til totalt 30 nedfartar. 15 skiheisar, inkludert Gondolen, tener dei 835 høgdmetrane frå dal til fjell. Hafjell sitt varemerke er lange løyper, god snø og mange soldagar. Ein normal sesong varer frå midten av november til slutten av april.

Hafjell Alpinsenter er det tredje største i landet. Hafjell har òg det største flaumlysanlegget i landet som lyser opp 7 km med løyper og som forlengar skidagen 3 dagar i veka. Flaumlyset kan òg nyttast til fleire kveldsaktivitetar med og utan ski på beina som t.d. aking eller snøscooterkøyring for barn.

Bakgrunnsstoff endre