Opna hovudmenyen

Hafslundbanen er ein nedlagt industribane mellom Hafslund i Sarpsborg og Sundløkka i Fredrikstad. Den var eit sidespor til Østfoldbanen og vart opna 20. mars 1898 og er dermed den første, elektriske normalspora jernbanen i Norge. Den opphavlege traséen vart nedlagt i 1973 i samband med bygginga av Sannesundbrua.

Hafslundbanen
Hafslundbanen at Hafslund karbidfabrikk.jpeg
Hafslundbanen ved Hafslund karbidfabrikk

Foto: Anders Beer Wilse (1925)

Info
Type Industriell jernbane
System Enkeltspora elektrifisert bane
Status Nedlagt
Utgangsstasjon Hafslund haldeplass
Endestasjon Sundløkka
Drift
Opna 20. mars 1898
Nedlagt 1973
Eigar Hafslund
Operatør(ar) Hafslund Smelteverk
Type trafikk Gods
Teknisk
Køyrestraum 600 V likestraum
Sporvidde Normalspor
Lengde 5,5 km

Banen vart nytta av Hafslund Smelteverk for industriell transport til anlegget deira og til hamna på Sundløkka. Den vart elektrifisert med 600 V likestraum. Den 2 km lange strekninga frå anlegget til hamna vart nedlagt i 1967 etter at den hadde blitt øydelagt av flaum, medan resten av banen vart nedlagt seks år seinare. Samstundes vart ein ny uelektrifisert strekning sett i drift mellom Vestre linje sør for Hafslund kapell og smelteverket, denne var i drift til starten av 1980-åra. Dette sporet vart rive i 2001. Eitt lokomotiv er tatt vare på ved Krøderbanen.

LinjekartEndra

Teiknforklaring
      Opphavleg strekning (1898 - 1973)
        Hafslund haldeplass Østfoldbanen til Rakkestad
      Gamle E6
     
      Haugeveien, Østfoldbanen til Halden
      Depot
      Industriområde
      Riksveg 111
    Ny strekning (1973 - 2001)
    Hafslund smelteverk
    Riksveg 111
    Aarum teglverk
    Sandesundbrua E6
   
    Sundløkka havn (1898 - 1967)
  Gretnes teglverk

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra