Haguenau
Haguenau (tysk Hagenau) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Alsace, og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Haguenau | |
---|---|
Porte de Wissembourg i Haguenau | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Alsace Bas-Rhin |
Geografi | |
Flatevidd | 182,59 km² |
Flatevidd - By |
182,59 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
32 242 176/km² |
Koordinatar | 48°49′N 07°47′E / 48.817°N 7.783°E |
Høgd over havet | 150 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 67500 |
Heimeside: www.ville-haguenau.fr |
Geografi
endreHan er den fjerde største byen i Alsace, og den nest største i Bas-Rhin etter Strasbourg, som ligg 30 km lenger sør. I nord ligg Forêt de Haguenau den største samanhengande skogen i Frankrike.
Historie
endreHaguenau har ei historie som går tilbake til 1100-talet, og oppstod då hertugane i Schwaben bygde ei jakthytte på ei øy i den litle elva Moder. Keisar Fredrik Barbarossa lagde bymurar rundt byen og gav han byrettar i 1154. På staden der jakthytta låg bygde han eit keisarpalass, der Kronjuvelane til Det tysk-romerske riket vart halde (Juvelbesatt keisarkrone, septer, keisarkule og sverdet til Karl den store)
Etter kvart vart Haguenau sete i Landvogt av Hagenau, keisarleg advocatus i Unterelsaß. Richard av Cornwall gjorde byen til ein keisarby i 1257. På 1300-talet husa han magistratet i Decapole, ein forsvarssameining av ti byar i Alsace mot den politiske ustabiliteten i områda rundt. Med freden i Westfalen i 1648 vart byen ein del av Frankrike, og i 1673 reiv Kong Louis XIV ned festningsverka i byen. Haguenau vart erobra av tyske troppar i 1675, men gjenerobra av Frankrike to år seinare. Byen vart derimot nesten totalt øydelagd av ein brann i prosessen.
I 1871 vart Haguenau annektert av Tyskland og gjort til ein del av Alsace-Lorraine som Hagenau. Han vart gjeven tilbake til Frankrike etter den første verdskrigen.