Halti

(Omdirigert frå Haldi)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Haltibygget.

Halti er det høgaste punktet i Finland med ei høgd på 1 324 moh. Fjellet ligg på grensa mellom Finland og Troms i Noreg, og den høgaste toppen av fjellet, kalla Ráisduattarháldi i Noreg, ligg på den norske sida av grensa, og er 1 365 moh. Halti vert òg kalla Haltitunturi, Haltia og Haltiatunturi, og på nordsamisk Háldi[1]). Den finske delen av fjellet ligg i kommunen Enontekis i Lapplands län. Det høgaste punktet på den finske sida av fjellet vert kalla Háldičohkka.

Halti
fjell
Land  Finland,  Noreg
Fjellkjede Dei skandinaviske fjella
Høgd 1 365 moh.
Koordinatar 69°18′46″N 21°17′08″E / 69.31278°N 21.28556°E / 69.31278; 21.28556
Kart
Halti
69°18′46″N 21°17′08″E / 69.312777777778°N 21.285555555556°E / 69.312777777778; 21.285555555556
Wikimedia Commons: Halti
Toppen av Ráisduattarháldi

Den høgaste fjelltoppen som ligg aleine i Finland er Ridničohkka på 1 316m.

Kjelder

endre
  1. «Stedsnamn faktaark - for søk på stedsnavn og tilhørende fakta», stadnamn.kartverket.no, henta 4. januar 2023