Halldis
kvinnenamn
(Omdirigert frå Haldis)
Halldis , oftare skrive Haldis, er eit kvinnenamn, av norrønt Halldís, samansett av hall, 'stein' og dís, 'gudinne'.
Halldis har namnedag 20. februar.
Bruken av namnet i Noreg
endreNamnet Haldis var populært kring førre hundreårsskifte, og nådde ein topp kring første verdskrigen.
- Ved folketeljinga i 1801 var 68 kvinner registrerte med namnet Haldis
- Ved folketeljinga i 1900 var 537 kvinner registrerte med namnet Haldis eller Halldis.
- I 2008 har 1883 kvinner Haldis til første fornamn, 649 skriv seg for Halldis.
Kjende namneberarar
endre- Halldis Neegaard Østbye (1898-1983), norsk nasjonalsosialist
- Halldis Moren Vesaas (1907-1995), norsk diktar
- Haldis Havrøy (1925-2000), norsk politikar (Ap)
- Haldis Reigstad (f. 1939), norsk diktar
- Haldis Hjort (f. 1940), norsk psykolog
- Halldis Rønning (f. 1978), norsk dirigent og fiolinist
Sjå òg:
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Halldis hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder
endre- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4