Haldor Larsen Børve

norsk arkitekt

Haldor Larsen Børve (19. august 185711. august 1933) var ein norsk arkitekt frå Ullensvang i Hardanger.

Haldor Larsen Børve

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. august 1857
Ullensvang kommune
Død

11. august 1933 (75 år)
Porsgrunn

Yrke arkitekt
Haldor Larsen Børve på Commons
Dalen Hotel i sveitserstil. Oppført 1890-95.
Foto: Eirik Solheim
Porsgrunn rådhus i nyrenessanse. Oppført 1904-05.

Børve vart utdanna i bygningsteknikk ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt 1877–80 og fullførte arkitektutdanninga si ved Polytechnische Schule i Hannover. Han etablerte eit eige arkitektkontor i Porsgrunn i 1889, og opparbeidde etter kvart ein stor praksis med bygging av ei lang rekkje kyrkjer, skular, sjukehus og andre private og offentlege bygg.

Som fleire arkitektar i generasjonen sin avspegla Børve dei ulike arkitekturstrøymingane rundt hundreårsskiftet i verka sine. Dalen Hotel (1890–95) er oppført i 1800-talets sveitserstil, Porsgrunn rådhus (1904–05) i nyrenessanse, medan han i ei rekkje kyrkjebygg både gjorde seg nytte av eit nasjonalt formspråk og av jugendstilen. Børve teikna òg Hardanger FolkehøgskuleLofthus i 1915, bygget brann i 1937.

Børve døydde i Porsgrunn i 1933.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Haldor Larsen Børve