Halfdan Kjerulf

norsk komponist

Halfdan Kjerulf (17. september 181511. august 1868) var ein norsk komponist under romantikken. Han la grunnlaget for neste generasjon av norske komponistar, som Edvard Grieg, ved å ta opp element frå norsk folkemusikk og inspirasjon frå norsk natur i musikken sin. Kjerulf skreiv særleg romansar, klaverstykke og mannskorsongar.

Halfdan Kjerulf

Fødd17. september 1815
FødestadChristiania
Død11. august 1868 (52 år)
DødsstadChristiania
OpphavNoreg
Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, musikkpedagog
FarPeder Kjerulf

Liv endre

Kjerulf var fødd i Kristiania (Oslo). Far hans, Peder Kjerulf, var danskfødd embetsmann; mora Elisabeth (Betzy) var fødd Lasson. Han hadde fem sysken, mellom anna forfattaren Theodor Kjerulf, og Ida Kjerulf, som Johan Sebastian Welhaven stod nær. Også Halfdan Kjerulf var vener med Welhaven.

Sjølv om Kjerulf tidleg interesserte seg for klaverspel og komposisjon, studerte han jus for å bli embetsmann som faren. Kort før han skulle ta eksamen i 1839 vart han alvorleg sjuk av tuberkulose, og drog sommaren 1840 til Paris på ei rekreasjonsreise. Her kom Kjerulf i kontakt med eit aktivt musikkliv der wienerklassikarane og dei tidlege romantikarane stod i fokus. Berlioz, som på den tida var mykje omstridd, fekk han òg høyre.

Vinteren 1840-41 miste Kjerulf søster, far og bror i løpet av få månader. Som den eldste av søskena måtte han støtte familien økonomisk og vart utanriksredaktør i Den Constitutionelle, ein av tidas viktigaste aviser. Han gav likevel ikkje opp musikken, og gav ut sine første komposisjonar hausten 1841. I 1845 slutta han i avisa for å bli musikklærer. Då den tyske komponisten Carl Arnold kom til Christiania, begynte Kierulf å studere musikkteori hos han. Arnold hjelpte òg til å få eit stipend for å studere i utlandet, først i København hos Niels W. Gade, seinare i Leipzig der han avslutta konservatoriumsutdanninga si.

I 1851 kom Kjerulf tilbake til Christiania og begynte som musikklærar igjen. Han underviste mellom anna Agathe Backer Grøndahl, Ida Lie, Erika Nissen Lie og Anna Ursin.

Dei siste åra var han sterkt plaga av sjukdom. Halfdan Kjerulf døydde her den 11. august 1868.

Verk endre

Halfdan Kjerulf tonesette ei rekkje dikt, mellom anna av Bjørnson, Welhaven, Wergelands, Jørgen Moe og broren Theodor Kjerulf.

Medan romansane og korsongane er mest kjende i dag har Kjerulf òg skrive mykje for klaver. Framfor alt har han tatt innverknad frå den tyske romantikken, som Schumann og Mendelssohn. Samtidig merkar ein klart element frå norsk folkemusikk i mange av komposisjonane.

Verkliste (utval)

Songar:

  • «Diones Sang» (1835), tekst av Frederik Paludan-Müller
  • «Nøkken» i Seks Sange med Accompagnement af Pianoforte (1841)
  • «En Vaarnat» (1851), tekst av Welhaven
  • «Syng, syng Nattergal du» (1861), tekst av Theodor Kjerulf
  • «Vejviseren synger» (1860)
  • «Ingrids Vise» (HK 148, 1853), tekst av Bjørnstjerne Bjørnson
  • «Synnøves sang» (HK 149, 1853), tekst av Bjørnstjerne Bjørnson
  • «Paa Fjeldet» (HK 225, 1867), tekst av Kristofer Janson

Kormusikk:

  • «Solvirkning» (1846), tekst av Johan Sebastian Welhaven
  • «Brudeferden i Hardanger» (1848), tekst av Andreas Munch
  • «Norges Fjelde» (1853, Norges bedste Værn og Fæste, HK 93), tekst av Henrik Wergeland
  • «Sang til 17de Maj 1864» (1864)

Klavermusikk:

  • «Bondedands» (HK 112)
  • «Springdands» (HK 56)
  • «Caprice» (HK 174)
  • Norske Folkeviser (1866)

Utmerkingar endre

  • 1863 medaljen Littris et atribus
  • 1865 medlem av Kungliga Svenska Musikaliska Akademien

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Andersen, Rune J., Halfdan Kjerulf (24. august 2011), Store norske leksikon. Henta 3. februar 2014.
  • Grinde, Nils, Halfdan Kjerulf (13. februar 2009), Norsk biografisk leksikon. Henta 3. februar 2014.