Opna hovudmenyen

SlektEndra

Theodor Kjerulf var son av ekspedisjonssekretær Peder Kjerulf og bror av komponisten Halfdan Kjerulf. Han gifta seg med Marie Agnes Christiane Ankar, dotter av Erik Theodor Christian Bernhard Anker og Betzy Sneedorff.

BiografiEndra

Kjerulf fekk utdanninga si ved Det Kongelege Frederiks Universitet, der han seinare vart tilsett som professor (1866), og dessutan i Heidelberg under professor Bunsen. I 1858 tok han initiativ til Noregs geologiske undersøkingar, og vart direktør for denne.

Som student var han i 1849 teatersjef på Studentteatret ved Det Norske Studentersamfund.

Som geolog var han empirikar, og stilte seg kritisk til kjende teoriar som mangla empirisk fundament, slik som utviklingslæra og Darwin, som Kjerulf kommenterte og kritiserte via korrespondanse med denne. Kjerulf viste i 1854 at granittar i Oslofeltet var danna ved krystallisasjon av smelta magma. Han var òg den første til å framsetje teorien om isavsmelting i Oslofeltet og dermed danninga av israndavsettingar.

Han rettleidde mellom anna Waldemar Christopher Brøgger og Hans Reusch. Av utgjevingar kan nemnast eit verk som oppsummerer eit av dei viktigaste arbeidsområda hans, geologien i Sør-Noreg; Udsigt over det sydlige Norges geologi. Kjerulf har fått isbreen Kjerulf på Sør-Georgia oppnemnt etter seg, og han vart òg avbilda på eit norsk frimerke (1974). Undersøkingane hans resulterte i om lag 25 geologiske rektangelkart som vart utgjevne i perioden 1870-1890.

Diktargjerninga hans er mindre kjent, men han gjennomførte mellom anna ei ferd i norske bygder, og trefte Myllarguten (1847). Kjerulf var på veg over Haukeli og oppsøkte Myllarguten fordi han var nysgjerrig på han. Skildringa han gjev, er prega av større forståing for folkemusikken enn det som var vanleg i samtida:

«Men der var baade Luur og Lok og en heel Buskap med klingende Bjælder oppe i hans Spil. Snart var det lutter Løb og Triller, Tonerne haglede saa tæt paa hinanden, at Øret neppe kunde følge dem, snart faldt han ligesom hen og aandede sig bort i Klage.» Han er elles samd med Ole Bull i vurderinga hans av Myllarguten.

Han utgav nokre samlingar av dikta sine, og oppnådde internasjonal lesarkrins.

BibliografiEndra

GeologiEndra

  • Udsigt over det sydlige Norges geologi med i texten indtagne tegninger, profiler, planer, en atlas, 39 plansjer i træsnit, indeholdende grafiske fremstillinger samt den geologiske undersøgelses oversigtskart i 1: 1000,000. Udgivet ifølge foranstaltning af den Kongelige Norske Regjerings Departement for det indre. Kristiania (1879). Verket var utarbeidd saman med Tellef Dahll. Det vart omsett til tysk på Cohen forlag (1880).

LyrikkEndra

  • Digte (1854), inneheld Kritikens Muser, Nyt Liv, Nattetrøst, Gjensyn, En tale, Legenden, Frihed og Ufrihed, Paa Nordsøen, Terziner og Mellom Fremmede.
  • Tre Digtkranse, I: Svensk literatur-tidskrift (1866), inneheld Hr. Benedikt og hans Hustru, Rimfrost og Klokkernes Kimen.

Kjerulf medverka òg med teksten Længsel til Frederick Delius' musikkstykke. Han medverka òg til Nordisk familjebok, 1884 og 1911.

Sjå ògEndra

KjelderEndra