Hallstavik
60°2′38.155″N 18°35′47.112″E / 60.04393194°N 18.59642000°E
Hallstavik er ein svensk tettstad rundt Edeboviken i Norrtälje kommun i Stockholms län i landskapet Uppland. Staden ligg midt i Roslagen, ved munningen av Skeboån. I 2005 hadde tettstaden 4 530 innbyggjarar.
Hallstavik ligg cirka 44 kilometer nordaust for Norrtälje og 60 kilometer aust for Uppsala. Staden var liten fram til Hallsta pappersbruk blei etablert i 1915. Eigarkonsernet Holmen Bruk blei i mellomkrigstida utvikla til ein stor produsent av avispapir og papir til magasin i Sverige. For å transportere papiret blei det etablert ein jernbane i 1977 til Hargshamn, men den er berre for godstrafikk og fraktar papiret til hamna for eksport.
Skodespelaren Peter Engman er frå Hallstavik. Staden er òg heimstad for speedwayklubben Rospiggarna.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hallstavik» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Hallstavik hos www.roslagen.se Arkivert 2009-07-12 ved Wayback Machine.