Hallvard Håreksblese

Hallvard Håreksblese (norrønt: Hallvarðr Háreksblesi) var ein skald som levde i byrjinga av 1000-talet.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

I Skaldatal[1] er han ført opp som skald hos kong Knut den store. I Skaldskaparmål[2] er det sitert strofer frå ei dråpa han gjorde til kong Knut.

Av diktinga hans er bevart berre deler av Knutsdråpa[3]. Særmerkt for Hallvard er at han nytta heidne motiv i diktet, samstundes om han tok i bruk biletspråk frå kristendomen, t.d. i omkvedet:

Knútr verr jǫrð sem ítran
alls dróttinn sal fjalla.
Knut verjer landet som
allheims herre (forsvarer) himmelen

Ein reknar med at Hallvard Håreksblese var i teneste hjå kong Knut i tida frå omkring 1028, elles veit vi ikkje noko meir om hans liv og lagnad.

Referansar endre

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. Skaldskaparmål frå heimskringla.no
  3. Knútsdrápa Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff endre