Opna hovudmenyen

Halvor Olaus Christensen (18. februar 180010. juni 1891) var ein norsk embetsmann og politikar.[1] Han var byfogd, byskrivar og politimeister i Stavanger i ei årrekkje, og representerte byen på Stortinget.[1]

Halvor Olaus Christensen
Halvor Christensen.png
Fødd 18. februar 1800
Død

10. juni 1891

Yrke politikar, jurist

Christensen var på alle storting mellom 1833 og 1873, bortsett frå sesjonane i 1851, 1857 og 1869. Han var lagtingspresident i 1845, 1854 og 1862-69 og stortingspresident i 1848. Han var medlem i fleire av stortingets viktigaste komitear, og var ofte komiteleiar i desse. Han arbeidde mykje med ulike politiske reformer, som til dømes innføring av årvisst storting og oppheving av statthaldarposten. I spørsmåla kring unionen gjekk han inn for full jamstilling mellom Noreg og Sverige.

Christensen var son av Eidsvollsmannen Christian Christensen Kollerud.

KjelderEndra

  • Biografisk informasjon om Halvor Olaus Christensen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv