CC Amfi, tidlegare Hamar Olympiske Amfi, Nordlyshallen, er ein ishall ved sida av Storhamar IshallHamar. Hallen vart opna 6. desember 1992, som den 26. ishallen i Noreg. Han vart bygd for å huse kortbaneløp og kunstløp under OL på Lillehammer, og har etter det vore heimearena for ishockeyklubben Storhamar Dragons. Tilskodarrekorden vart sett i den avgjerande sluttspelfinalen mellom Storhamar og Vålerenga 28. mars 2004, med 7 405 tilskodarar til stades.

CC Amfi

Kallenamn Hamar Olympiske Amfi
Hamar OL-Amfi
Adresse Kornsiloveien 54
2316 Hamar
Eigar Hamar Olympiske Anlegg AS
Drift Hamar Olympiske Anlegg AS
Brukarar Storhamar Dragons
Underlag Is
Kapasitet 7 500, men kan halde over 8 000
Arkitekt Ola Mowé, HRTB AS
Pris 83 millionar NOK (1992)
Historiske årstal
Påbegynt
1991
Opna
1992
Stengd
Hendingar

Vinter-OL 1994
Idrettsgallaen 2002
Idrettsgallaen 2003
Idrettsgallaen 2004
Idrettsgallaen 2006
Idrettsgallaen 2007
Idrettsgallaen 2008
Idrettsgallaen 2009
Idrettsgallaen 2010
Idrettsgallaen 2011

Greiner under vinter-OL 1994

endre

To av i alt tolv greiner vart avvikla i Hamar ALTE-Amfi i 1994:

Etter OL

endre

Storhamar Dragons og bedriftsidrettslag er dei jamne brukarane av ishallen. Lokale bandyklubbar nyttar hallen ved ismangel andre stader i distriktet.

I 1999 vart nokre av dei innleiande kampane i handball-VM for kvinner spelte i hallen. Han er òg vorte brukt når Noreg har arrangert internasjonale ishockeyturneringar, blant anna ishockey-VM i 1999.

Utanomsportslege arrangement

endre

Den direktesende Idrettsgallaen vert årleg, i byrjinga av januar, skipa til i Nordlyshallen. Hallen blir òg brukt som konsertarena og har hyst konsertar med mellom andre Fats Domino, Little Richard, Willie Nelson og José Carreras.

Byggteknisk

endre

Nordlyshallen er den største trebygningen i Nord-Europa og den største bygningen i verda i brannsikkert tre. Entreprenør var Martin M. Bakken. Golvflata er på 1 800 km². Hallen har i dag VIP-fasilitetar til ca. 50 personar.

Byggeprosessen starta hausten 1991 på grunnen til den dåverande fotballbanen ved sida av Storhamar Ishall. Ei ny erstatning for fotballbanen vart anlagt på Prestrud like ved ishallane. I løpet av 14 månader stod hallen ferdig.