Idrettsgallaen 2011

Idrettsgallaen 2011 var ein seremoni der Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité heidra dei største idrettsnamna og beste prestasjonane, og dessutan andre som hadde gjort ein stor innsats for norsk idrett i 2010.

Hovudjuryen var sett saman av Jarle Aambø (leiar), Kjetil André Aamodt, Karen-Marie Ellefsen, Jan Erik Aalbu, Hanne Haugland, Arnfinn Vik og Else Marthe Sørlie Lybekk.

Gallaen vart arrangert den 8. januar 2011 i Hamar OL-Amfi og vart direktesend på NRK. Programleiarar var Erik Solbakken og Haddy N'jie.

Dei musikalske innslaga kom frå Kringkastingsorkestret, Mo, Karpe Diem, Christel Alsos og Maria Haukaas Mittet som urframførte den offisielle Ski-VM-songen, i tillegg til Haddy N'jie som opna showet med songen «I need a hero». Dessutan vart siste halvdelen av nasjonalsongen sungen til ære for Thor Hushovd, sidan nasjonalsongen vart avbroten under medaljeseremonien under VM i sykling.

Kategoriar, prisvinnarar og nominerte

endre

Prisen Årets namn vart delt ut etter ei avrøysting der alle kunne delta (ein såkalla folkejury). Hovudjuryen valde ut alle vinnarane, med unnatak av Utøvaranes pris, som vart røysta fram av toppidrettsutøvarar, samt for Årets ildsjel som hadde ein eigen jury.

Klasse Vinnar Nominerte Prisutdelarar
Årets namn Thor Hushovd (sykkel) Tora Berger (skiskyting)
Marit Bjørgen (langrenn)
Cecilia Brækhus (boksing)
Curlinglandslaget (menn)
Egil Olsen (fotball)
Handballandslaget (kvinner)
Petter Northug (langrenn)
Ståle Solbakken (fotball)
Emil Hegle Svendsen (skiskyting)
Aksel Lund Svindal (alpint)
Andreas Thorkildsen (friidrett)
Johan Olav Koss
Knut Johannesen
Årets kvinnelege utøvar Marit Bjørgen (langrenn) Tora Berger (skiskyting)
Sara Nordenstam (symjing)
Suzann Pettersen (golf).
Tom Stiansen
Espen Bredesen
Årets mannlege utøvar Thor Hushovd (sykling) Emil Hegle Svendsen (skiskyting)
Aksel Lund Svindal (alpint)
Petter Northug (langrenn)
Andreas Thorkildsen (friidrett)
Liv Grete Skjelbreid Poirée
Siren Sundby
Årets lagspelar Gro Hammerseng (handball) Brede Hangeland (fotball)
Patrick Thoresen (ishockey).
Ståle Solbakken
Egil Olsen
Årets gjennombrot Tarjei Bø (skiskyting) Markus Henriksen (fotball)
Ida Njåtun (skøyter)
Marit Bjørgen
Thor Hushovd
Årets trenar Ståle Solbakken (fotball) Daimi Akin (kickboksing)
Egil Kristiansen (langrenn, kvinner)
Petter Løvberg (svømming)
Kjetil André Aamodt
Finn Aamodt
Årets lag Håndballandslaget (kvinner) Curlinglandslaget (menn)
Fotballandslaget (menn)
Halvard Hanevold
Dag Erik Pedersen
Årets funksjonshemma utøvar Sarah Louise Rung (symjing) Kjelkehockeylandslaget (menn)
Nils Erik Ulset (skiskyting/langrenn)
Tommy Urhaug (bordtennis)
Kari Traa
Thorir Hergeirsson
Open klasse Cecilia Brækhus (boksing) Hedda Berntsen (skicross)
Olav Lundanes (orientering)
Thea Næss (kickboksing)
Carl Waaler Kaas (orientering)
Anne Rimmen
Ailo Gaup
Årets eldsjel Ola Kjørli (Midt-Noreg) Arvid Gabrielsen (Vestlandet)
John Humborstad (Sørlandet)
Dagfinn Røsberg (Nord-Noreg)
Berit Venner (Austlandet)
Anniken Huitfeldt
Inge Andersen
Årets førebilete Ola Vigen Hattestad (juryvedtak) Andrine Flemmen
Jim Marthinsen
Utøvarane sin pris Thor Hushovd (sykling) (avrøysting mellom toppidrettsutøvarar) Gro Hammerseng
Heidi Løke
Heidersprisen H.M. Kong Harald V av Noreg (juryvedtak) Jarle Aambø
Tove Paule

Kjelde

endre