Hameln
Hameln (engelsk og spansk Hamelin) er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Weser.
Hameln | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Niedersachsen Ingen Hameln-Pyrmont |
Grunnlagd | 852 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
102,30 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
58 696 1 104/km² |
Koordinatar | 52°06′0″N 9°22′0″E / 52.10000°N 9.36667°E |
Høgd over havet | 68 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 31785–89, 3250 |
Telefon-retningsnummer | 05151 |
Bilnummer | HM |
Heimeside: www.hameln.de |
Hameln ligg òg ved foten av dei omliggande fjella Weserbergland, som er ein populær stad for fotturistar og syklistar.
Historie
endreByen er kjend for folkeeventyret om Rottefangaren frå Hameln (tysk Rattenfänger), ei mellomaldersoge som fortel om tragedien som råka byen i 1284. Utgåva som vart skrive ned av Grimm-brørne er svært populær, og er òg emne i eit kjent dikt av Robert Browning. Sjølv om gamlebyen frå mellomalderen er vakker, er hovudattraksjonen soga om rottefangaren. Kvar søndag om sommaren vert stykke framført av skodespelarar på dei autentiske stadane.
Det vart bygd ei kloster på staden så tidleg som i 851. Ein landsby voks opp rundt klosteret og vart ein by på 1100-talet. Hendinga som soga om rottefangaren omhandlar skal ha skjedd i 1284 og kan vere basert på ei verkeleg hending, men i ei noko anna form enn i eventyret. På 1400- og 1500-talet var Hameln eit lite medlem av Hansaen.
Under trettiårskrigen i juni 1634 tapte general Lothar Dietrich Freiherr von Bönninghausen eit slag nær Hameln mot den svenske generalen von Kniphausen.
Den rikaste perioden for byen byrja i 1664 då Hameln vart ein festnings- og grenseby for hertugdømet Calenberg. I 1867 vart byen ein del av Preussen.
Etter den andre verdskrigen vart fengseleg i Hameln nytta av den britiske okkupasjonsstyrken for tyske krigsforbrytarar. Meir enn 200 av dei vart hengd der, mellom anna Irma Grese og Josef Kramer.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hameln» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- hameln.de (tysk)