Hamilton Bluff
Hamilton Bluff er ein fjellskrent på kysten av Antarktis, kring 3,5 km vest for Palmer Point og 19 km vest for Caroline Mikkelsen-fjellet. Han vart først kartlagt av norske kartografar frå flyfoto tekne under Thorshavn-ekspedisjonane i 1936–37. Han vart vitja av I.R. McLeod, ein geolog med Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) som kartla Prince Charles Mountains i 1969 og vart namngjeven av Antarctic Names Committee of Australia etter R. Hamilton, ein helikopterpilot med ANARE («Nella Dan») i 1968.[1]
Hamilton Bluff | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Princess Elizabeth Land | ||
- koordinatar | 69°44′S 73°56′E / 69.733°S 73.933°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hamilton Bluff 69°44′00″S 73°56′00″E / 69.7333°S 73.9333°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hamilton Bluff». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hamilton Bluff» (innhald frå Geographic Names Information System).