Hammaren i øyret

Hammaren (av latin malleus «hammar») er ein liten hammarforma knokkel og den ytste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret[1] som koplar til ambolten og er festa til den indre overflata på trommehinna. Han overfører vibrasjonar frå trommehinna til ambolten.[2]

Hammaren i venstre øyret: (A) sett frå baksida (B) sett frå innsida

Struktur endre

Sjå òg Høyreknokkel.

Hammaren er eit lite bein i mellomøyret. Det er den fyrste av dei tre høyreknoklane og er samanknytt med trommehinna. Hammarhovudet (caput malei) er den lange utstikkaren som koplar til ambolten. Hovudet koplar til hammarnakken (collum mallei), og beinet går vidare til hammarskaftet (manubrium mallei) som koplar til trommehinna. Mellom nakken og skaftet finn ein dei laterale (sideliggande) og anteriore (fremre) framspringa som kjem ut av beinet.[3] :862

Hammaren er unik for pattedyr og blei utvikla frå det nedre kjevebeinet (os articulare) hjå basale amniotar, som framleis dannar kjeveleddet hjå reptilar og fuglar.[4]

Utvikling endre

Hammaren oppstår embryologisk frå den fyrste gjellebogen saman med resten av tyggebeina, nemleg underkjeven og overkjeven.

Funksjon endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Høyrsle.

Hammaren er ein av tre høyreknoklar i mellomøyret som overfører lyd frå trommehinna til det indre øyret. Hammaren tek imot vibrasjonar frå trommehinna og sender desse til ambolten.[3] :862

Fleire bilete endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Ø. Winther, Finn (14. februar 2009). «hammeren». Store Norske Leksikon (Store Norske Leksikon). Henta 6. desember 2014. 
  2. Ø. Winther, Finn (13. februar 2009). «hammeren». Store Medisinske Leksikon (Store Medisinske Leksikon). Henta 6. desember 2014. 
  3. 3,0 3,1 Drake, Richard L.; Vogl, Wayne; Tibbitts, Adam W.M. Mitchell; illustrations by Richard; Richardson, Paul (2005). Gray's anatomy for students. Philadelphia: Elsevier/Churchill Livingstone. ISBN 978-0-8089-2306-0. 
  4. Ramachandran, V. S.; Blakeslee, S. (1999). Phantoms in the Brain. Quill. s. 210. ISBN 9780688172176. 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.