Ambolten (av latin incus «ambolt») er ein liten amboltforma knokkel, og den midterste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret. Ambolten overfører vibrasjonar frå hammaren lateralt til stigbøyelen medialt.[1] Namnet kjem av at den liknar på ein ambolt.

Ambolten i venstre øyret: (A) sett frå innsida (B) sett frå framsida

Struktur Endra

Sjå òg Høyreknokkel.

Ambolten er den andre av høyreknoklane — dei tre knoklane i mellomøyret som jobbar med å overføre lyd. Den er forma som ein ambolt, og har ein kort lem og ein lang lem som peikar ut frå artikulasjonspunktet med hammaren.[2]:862

Funksjon Endra

Hovudartikkelen for dette emnet er Høyrsle.

Vibrasjonar i mellomøyret blir tekne imot av trommehinna. Hammaren ligg på trommehinna og formidlar vibrasjonar til ambolten. Denne formidlar vibrasjonane vidare til stigbøyelen.[2]:862

Historie Endra

Incus er latinsk og tyder «ambolt». Den blei fyrste gong skildra av den italienske filosofen og legen Alessandro Achillini. Den siste delen av den lange lemmen blei tidlegare skildra som ein eigen «fjerde høyreknokkel» av Pieter Paaw i 1615.[3]

Fleire bilete Endra

Sjå òg Endra

Denne artikkelen nyttar anatomisk terminologi. For ei oversikt, sjå anatomisk terminologi.

Kjelder Endra

  1. Ø. Winther, Finn (13. november 2014). «ambolten». Store Medisinske Leksikon (Store Norske Leksikon). Henta 6. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 Drake, Richard L.; Vogl, Wayne; Tibbitts, Adam W.M. Mitchell; illustrations by Richard; Richardson, Paul (2005). Gray's anatomy for students. Philadelphia: Elsevier/Churchill Livingstone. ISBN 978-0-8089-2306-0. 
  3. Graboyes, Evan M.; Chole, Richard A.; Hullar, Timothy E. (September 2011). «The Ossicle of Paaw». Otology & Neurotology 32 (7): 1185–1188. 

Bakgrunnsstoff Endra

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.