Hamningberg kapell
Hamningberg kapell er ei langkyrkje frå 1949 i det fråflytte fiskeværet Hamningberg i Båtsfjord kommune i Finnmark.
Hamningberg kapell | |||
kapell | |||
Foto: Henny Stokseth | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Båtsfjord | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Varanger | ||
Sokn | Båtsfjord | ||
Fellesråd | Båtsfjord | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Sverre Poulsen | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1949 | ||
Takryttar | Ja | ||
Døypefont | Frå 1939 | ||
Altartavle | Frå 1937 | ||
Sitjeplassar | 140 | ||
Hamningberg kapell 70°32′26″N 30°36′53″E / 70.5406°N 30.6146°E | |||
Wikimedia Commons: Hamningberg kapell |
Byggverket er i tre og med 140 sitjeplassar. Kapellet er teikna av arkitekt Sverre Poulsen frå Oslo. Somme delar av inventaret er noko eldre enn kapellet, og var tidlegare i det førre kapellet på staden. Altertavla er frå 1937 og viser Jesus i Getsemane. Døypefonten er frå 1939 og er laga ved Vardø husflidsskole. Kapellet har ei kyrkjeklokke frå 1897.
Hamningberg kapell ligg i Båtsfjord sokn i Varanger prosti.
Kjelder
endre- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Hamningberg kapell». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 87. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Hamningberg kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Hamningberg kapell». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Om Båtsfjord sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Finnmark» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-05-05 ved Wayback Machine.
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kysten og kirka i Finnmark» på nettstaden til Fylkesbiblioteket i Finnmark
-
Kapellet i landskapetFoto: Rick Sulman
-
Mot koretFoto: Hans Olav Lien