Hanaton

Hanaton (hebraisk חַנָּתֹן, חנתון) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg tolv kilometer nord for Nasaret nær den arabiske byen Shefaram og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 250.

Hanaton
kibbutz
Hanaton4.jpg
Hanaton, sett frå Tel Hanaton
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Nedre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Jezreeldalen
Koordinatar 32°47′8.51″N 35°14′38.39″E
Grunnlagd 1984
 - Grunnlagd av Konservative jødar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla

Hanaton
32°47′9″ N 35°14′38″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hanaton

EtymologiEndra

Det bibelske namnet Hanaton (hebraisk חַנָּתֹן) finst i Josvas bok (19:14), der han er oppført i området til Sebulon-stammen, og dannar grensa til Asher-stammen.

ArkeologiEndra

Tel Hanaton er ein arkeologisk stad som er knytt til den bibelske staden vest for kibbutzen. Telen ligg vest i Beit Netofa-dalen og dekkjr eit område på kring 100 dekar. Han var busett frå bronsealderen til Det osmanske riket.

 
Tel Hanaton

GeografiEndra

Hanaton ligg oppom Eshkolsjøen, ein viktig del av Nasjonal vasstransport (Eshkolsjøen er eit 4,5 million m3 stort reservoar nedom Hanatonnær enden av Beit Netofa-kanalen). Nord for kibbutzen ligg den arabiske landsbyen Kafr Manda. Sørvest for kibbutzen, på andre sida av hovudveg 79, ligg Alon HaGalil.

HistorieEndra

I 1980-åra valde ei gruppe studentar frå Jewish Theological Seminary i New York City å opprette ein kibbutz for medlemmar av den konservative rørsla. Gar'in Nitzan rekrutterte medlemmar frå heile USA og slo seg saman med den israelske greina av konservativ jødedom, Masorti-rørsa. 1. september 1983 flytta 30 medlemmar, 18-19 år gamle, til Kfar HaHoresh for opplæring. Dei fekk med seg 40 medlemmar frå Gar'in Nitzan, inkludert familiar med små barn. I september 1984 flytta grunnleggjarane inn i den nye kibbutzen, som vart kalla opp etter ein bibelske by som hadde lege i området og som nemnt i Josvas bok. Emigrantar frå Sør-Afrika, Sør-Amerika, Nederland og Canada slo seg seinar til kibbutzen. I 1997 byrja Den samla Kibbutzrørsla å sende HaNoar HaOved VeHaLomed-grupper til kibbutzen, men dei har ikkje blitt aksepterte som fullverdige medlemmar av ideologiske årsaker.[1]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra