Opna hovudmenyen

Beit Netofa-dalen (hebraisk בקעת בית נטופה) er ein dal i Nedre Galilea i Israel, halvvegs mellom Tiberias og Haifa. Han dekkjer 46 km2 og er den største dalen i Galilea og ein av dei største i det sørlege Levanten.[1] Namnet Beit Netofa-dalen finst først i Mishna og seinare i mellomaldersk rabbinarlitteratur, og har fått namn etter den jødiske busetnaden frå romartida, Beth Netofa, som låg i nordaustenden av dalen. Det arabiske namnet på dalen er Sahel al-Batuf og er omtalt som Vallée Battof i krossfarardokumenter.[2]

Beit Netofa-dalen
dal
Almog IL2 Movil.jpg
Beit Netofa-dalen
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°48′34.44″N 35°19′56.86″E
Lengd 16 km
Areal 46 km²
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Netofa valley

GeografiEndra

 
Beit Netofa-dalen

Dalen er 16 km lang og i snitt 3 km brei, og er ein graben forma av to parallelle forkastingar som går aust-vest.[3] Han ligg mellom to horstar som dannar Yodfatfjella i nord og Tur'anfjella i sør. Kalksteinsåsane i aust indikerer at dalen òg er forma av karstiske prosessar. Lang og smal og omringa av bratte åssider, består dalen av feit leire som vatnet har vanskar med å trenge gjennom,[4] og ein får derfor stundom flaum i dalen om vinteren, noko som alt vart skildra på 1300-talet av den arabiske mellomaldergeografen Al-Dimashqi.

Den 7. februar 1950 registrerte ein vêrstasjon i dalen den lågaste temperaturen som er målt i Israel nokon gong, -13,7°C.[5]

BusetnaderEndra

Den frodige dalen vert nytta til jordbruk og er stort sett eigd og oppdyrka av innbyggjarane frå forskjellige arabiske busetnader i området rundt, som Kafr Manda, Sakhnin, Arraba, Bi'ina, Eilabun, Uzeir og Rumana. Delar av dalen er òg eigd av innbyggjarar frå Yodfat, Tzippori og kibbutz HaSolelim. Andre landsbyar i regionen er Bu'eine Nujeidat, Hanaton, Bir al-Maksur og Dmeide.

Nasjonal vasstransportEndra

Beit Netofa-kanalen er ein del av Nasjonal vasstransport, som går gjennom dalen. Den 17 km lange, opne kanalen, vart bygd med ein oval base på grunn av leirjorda. Breidda på kanalen er 19-20 meter og han er 2,60 meter djup. Sørvest i Beit Netofa-dalen munnar kanalen ut i dei to Eshkol-reservoara, der vatnet vert reinsa og testa før det flyt sørover mot Negev.[4]

Arkeologiske funnEndra

Det er gjort fleire arkeolgiske funn i dalen. Dei tidlegaste er frå kalkolittisk tid og er funnen i vestsida nær Kafr Manda. Her fann ein mange flintreiskap, spydspissar og keramikk.[6]

To tellar ligg i dalbotnen. Den første er Tel Hanaton (Tell Bedeiwiyeh), som dekkjer kring 5 hektar og dominerer vestenden av dalen. Hanaton er identifisert som Hinnatuni i Amarnabreva, og i følgje Bibelen vart denne og området rundt styrt av Sebulonstammen.[1][7] Den andre tellen, Tell el-Wayiwat, er 0,4 hektar og stig 3,5 meter over dalbotnen i austenden.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Meyers (1999), s. 9-14
  2. Leibner (2009), s. 195-201
  3. Horowitz (2001), s. 170
  4. 4,0 4,1 Kantor, Shmuel. «The Nasjonal vasstransport». University of Haifa. Henta September 12, 2010. 
  5. «Climate Extremes i Israel». Israelsk meteorologiske institutt. Arkivert frå originalen den 6. oktober 2010. Henta 5. oktober 2014. 
  6. Gilead, I. (1989). «kalkolittisk Sites in Beit Netofa-dalen, Lower Galilee in Israel». Paléorient 15 (1): 263–267. doi:10.3406/paleo.1989.4502. 
  7. Meyers (1999), s. 31