Hanau
Hanau er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 90 000 innbyggjarar. Byen ligg 25 km aust for Frankfurt am Main der elva Kinzig munnar ut i Main, som renn gjennom byen.
Hanau | |
---|---|
Rådhuset i Hanau | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Hessen Darmstadt Kreisfri by |
Først nemnd i | 1143 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
76,49 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
88 251 1 154/km² |
Koordinatar | 50°8′0″N 8°55′0″E / 50.13333°N 8.91667°E |
Høgd over havet | 104 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 63450-63457 |
Telefon-retningsnummer | 06181 |
Bilnummer | HU |
Heimeside: www.hanau.de |
Historie
endreHanau vart først nemnd i 1143 og fekk byrettar i 1303.
På slutten av 1500-talet lét grev Filip Ludvig II protestantiske flyktningar frå Nederland slå seg ned nær Hanau, og desse førte med seg flinke gullsmedar. Av den grunn vert det framleis utdanna gullsmedar her.
På 1800-talet vart Neustadt, som han vart kalla, slått saman med Hanau. På denne tida var Hanau eit senter for den demokratiske rørsla i Tyskland og medverka mykje til den tyske revolusjonen i 1848. I 1848 vart Turnerbund grunnlagd her, eit turnforbund.
Under den andre verdskrigen vart Haunau nesten jamna med jorda etter britiske luftåtak i mars 1945, berre dagar før byen vart erobra av den amerikanske hæren.
Attraksjonar
endreKjende attraksjonar er Goldschmiedehaus (tidlegare rådhus, Altstädter Rathaus), Schloss Philippsruhe og kurstaden Wilhelmsbad med park. Wildpark Alte Fasanerie er ein tradisjonsrik viltpark.
På markedsplassen står nasjonalminnesmerket for Grimm-brørne, rett føre Neustädter Rathaus. I nærleiken ligg Wallonisch-Niederländische Kirche, der Deutsche Turnerbund vart grunnlagd.
Den såkalla Deutsche Märchenstraße (eventyrruta) byrjar i Hanau og endar i Bremen. Hanau er òg utgangspunkt for den hessiske eplevinruta.
I adventstida kan ein sjå den største adventskalenderen i Hessen, då dei 24 vindauga i Neustädter Rathaus vert utsmykka av kunstnarar med strålande bilete som vert avdekte eitt og eitt i løpet av adventstida.
På onsdagar og laurdagar vert det arrangert marked på Marktplatz med bondeprodukt frå nærliggande Wetterau og Spessart.
Schloss Philipsruhe ved breidda av Main er eit stort slott som kan vitjast.
Personar
endreHanau er fødestad for følgjande personar:
- Johann Christian Hundeshagen (1783), landbruksvitskapsmann
- Brødrene Grimm, Jacob (1785) og Wilhelm Grimm (1786)
- Moritz Daniel Oppenheim (1800-1882), målar
- Wilhelm Carl Heraeus (1827), industrimann
- Reinhard von Scheffer-Boyadel (1851), tysk general
- Paul Hindemith (1895), komponist
- Renate Schmidt (1943), SPD-politikar
- Harald Schmid (1957), friidrettsutøvar
- Rudi Völler (1960), fotballspelar
- Thomas Berthold (1964), fotballspelar
- Dirk Raufeisen (1966), jazzpianist
- Angelo Barletta (1977), fotballspelar
Venskapsbyar
endreHanau er venskapsby med Dartford i Storbritannia, Tottori i Japan, Jaroslavl i Russland, Conflans-Sainte-Honorine, Francheville og Pays de Hanau i Frankrike, Doorn i Nederland og Waltershausen i Thüringen.
Galleri
endre-
Historische Kuranlage Hanau-Wilhelmsbad
-
Philippsruhe Slott i Hanau
-
Løva ved Philippsruhe Slott
-
Gullsmedane sitt hus (det gamle rådhuset i Hanau)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hanau» frå Wikipedia på engelsk, og «Hanau» frå Wikipedia på bokmål den 21. juni 2007.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |