Handball-EM 2006 for menn
Europameisterskapen i handball 2006 for menn, den 7. i rekka, vart avvikla i dagane frå 26. januar til 5. februar 2006 i Sveits. 16 land deltok i turneringa: Danmark, Frankrike, Island, Kroatia, Noreg, Polen, Portugal, Russland, Serbia/Montenegro, Slovakia, Slovenia, Spania, Sveits, Tyskland, Ukraina og Ungarn.
Finalekampane fann stad i Zürich, elles gjekk meisterskapen føre seg i Basel, Bern, St. Gallen og Sursee.
Noreg vart slått ut i mellomspelet og enda på 11. plass.
Gull, sølv og bronse
endreFrankrike sitt mannskap vann EM-gull for fyrste gong då laget slo Spania med 31 mål mot 23. Ved pause leia franskmennene med 17–13. Nikola Karabatić skåra heile 11 mål for Frankrike, Joël Abati fann vegen til nettmauskane 6 gonger, Daniel Narcisse 4, Michaël Guigou, Christophe Kempé, Jérôme Fernandez, Bertrand Gille, alle 2, Guillaume Gille og Luc Abalo, begge 1. Thierry Omeyer vakta målet. Juanin García vart toppskårar for Spania med sine 6 fulltreffarar. 11 400 menneske såg finalen i Hallenstadion i Zürich.
I kampen om bronsemedaljane sigra Danmark 32–27 over Kroatia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Handball-Europameisterschaft der Männer 2006» frå Wikipedia på tysk, den 23. april 2024.