Handball-NM 1985 for kvinner

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 1985 for kvinner vart vunne av Gjerpen Idrettsforening gjennom finalesiger 20-17 over Byåsen Idrettslag frå Trondheim.

Finalen endre

Finalen vart avvikla i Skienshallen torsdag 28. november 1985 framfor 2 500 tilskodarar. Ved pause leia Gjerpen 9-7. I opninga av den andre omgangen auka Skiens-laget leiinga til 12-7. Sidan var NM-triumfen til Gjerpen aldri truga, oppgjeret enda med siger 20-17.

Gjerpen-kapteinen Hanne Hegh skåra 8 mål, 6 av dei på straffekast. Anne Migliosi sette inn 4 mål, medan Liv Schønhardt, Bente Ljostveit Øino, Anniken Kristiansen, alle saman fann nettmauskane 2 gongar. Ann-Iren Haugen skåra 1 mål. Kjerstin Andersen vakta målburet.

Mål for Byåsen laga Trine Haltvik (8), Åse Birkrem (5), Gry Haltvik (2), Anne Sofie Holand og Marit Lægdheim, begge 1. Unni Birkrem var målvakt.

Morten Lunde og Dagfinn Vikanger dømde kampen.

Kjelder endre