Kjerstin Andersen

Kjerstin Andersen (fødd 25. november 1958) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Porsgrunn. Målvakta vann OL-sølv i 1988 og VM-bronse i 1986.

Kjerstin Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. november 1958 (65 år)
Porsgrunn
Yrke handballspelar

I yngre år spelte Andersen på Skiens Ballklubb. Etter ei tid melde ho overgang til Gjerpen IF, eit lag ho vart noregsmeister med i både 1985 og 1986.

Andersen debuterte på landslaget vinteren 1984. Då fyrstemålvakt Linn Siri Jensen vart skadd i opningskampen under Handball-VM 1986 stod Andersen fram med godt målvaktsspel og var ein viktig aktør då Noreg overraskande tok bronsemedaljen i meisterskapen i Nederland. To år seinare var ho sterkt delaktig då dei norske handballkvinnene vann sølv i Sommar-OL 1988 i Seoul. Andersen deltok også i VM 1990 då laget enda på sjetteplassen. Landslagstida hennar tok samstundes slutt etter 104 kampar.

Merittar endre

Kjelder endre