Handvåpen i Forsvaret

Handvåpenet i det norske forsvaret har lenge vore MP5 og AG-3. Våren 2007 vart det bestilt nye våpen: Heckler & Koch MP7, Heckler & Koch HK416 og Heckler & Koch HK417.

Automatgevær

endre

På grunn av vekt, alder, ammunisjonstype og NATO-tilpassing hadde Forsvaret frå midten av 1990-talet jobba med å byta ut AG-3 med eit meir moderne våpen. Spesielt hadde skarpe oppdrag i utlandet på 1990- og 2000-talet gjort situasjonen prekær. Dei fleste NATO-land hadde i 2013 gått over til å bruka 5,56 × 45 mm NATO-ammunisjon til sina einingsvåpen, medan Noreg var blant dei få landa som enno hadde einingsvåpen med 7,62 × 51 mm NATO.

Ein av fordelane med 5,56 mm ammunisjon er at denne er lettare, noko som hjelper mykje når soldatane er på skarpe oppdrag og har med seg ekstra ammunisjon. Med 200 ekstra patroner vil det verta fleire kilo ekstra som kvar soldat må bera dersom ein brukar 7,62 mm i staden for 5,56 mm. Dette førte til at Forsvaret gjorde nokre mindre innkjøp av andre typar automatgevær til styrkar som opererte på skarpe oppdrag i utlandet.

Forsvaret hadde tre typar automatgevær i aktiv teneste per april 2007:

og i eit mindre omfang av avdelingar på utenlandsoppdrag i ISAF-teneste (til dømes Telemark bataljon).

  • C8SFW – 5,56mm. I bruk hjå spesialstyrkane: FSK-HJK/MJK.

5,56 mm viste seg som framtidsalternativet i NATO var i botn og grunn ikkje ein kamp om kva for eit våpen, men om kva for ein type ammunisjon. Det vart ein stor debatt i Forsvaret, men ein fall til slutt ned på 5,56 mm.

Forsvaret valde å kjøpa inn Heckler & Koch HK416, som alle avdelingar – spesialstyrkene inkludert – skulle ta i bruk som nytt einingsvåpen.

HK416

endre
 
HK416

HK416 er eit moderne automatgevær frå tyske Heckler & Koch. Av utsjånad liknar det Colt M4, men mekanisk er det basert på G36. Det er i bruk av amerikanske Delta Force og den taiwanske kystvakta. I tillegg har nokre amerikanske politistyrkar teke det i bruk. Den sivile utgåva av HK416 er marknadsført under modellnamnet MR223. Denne modellen er tillaten i Noreg for privatpersonar som praktiserer øving og konkurranseskyting, og kan nytta ammunisjon i kaliber .223 eller 5.56x45 NATO.[2]

I april 2007 bestilte Forsvaret 8 200 gevær. Desse skulle innførast som arvtakar til AG-3 . Dei vert utstyrte med optiske sikter frå svenske Aimpoint. Kontrakten på våpna er verd 100 millionar kroner, medan siktemidla kostar 50 millionar kroner. Forsvaret tok i bruk våpenet i 2008.[3][4] 22. november 2018 blei det inngått avtale med Heckler & Koch om levering av 11 000 HK416 til Forsvaret, der 7000 av desse skulle øyremerkast til bruk av Heimevernet.[5]

Maskinpistol

endre

Den 31. mai 2007 underteikna Forsvaret kontrakt med Heckler & Koch om leveranse av 6500 stk. Heckler & Koch MP7.[6] Våpenet erstatta den gamle MP5ein og kom i teneste sommaren 2008.[7]

Ammunisjonen på MP7 er meir finkalibra, men med lengre patronhylse, og har kraftigare gjennomslagskraft enn den gamle MP5-en. MP7 vert difor ikkje rekna som ein maskinpistol, men som eit sjølvforsvarsvåpen (engelsk Personal Defence Weapon; PDW). I tillegg har MP7 eit optisk sikte, noko MP5 ikkje har i utgangspunktet.

Skarpskyttargevær

endre

HK417 er eit moderne automatgevær som er «storebroren» til HK416. Det har kaliber 7,62 × 51 mm Nato (medan HK416 brukar 5,56mm). Det norske forsvaret kjøpte inn ei mindre mengd HK417 som mellom anna skulle brukast som skarpskyttar-gevær.[8] Den sivile utgåva av HK417 er marknadsført under modellnamnet MR308, og er i likskap med MR223 lovlig å ha for konkurranseskyttarar som er organiserte i DSSN.[2][9]

Kjelder

endre
  1. Forsvarsnett: Spørsmål og svar om Kystjegerkommandoen, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 1. januar 2018 
  2. 2,0 2,1 «Forskrift om forbudte skytevåpen og godkjente halvautomatiske skytevåpen - Lovdata». lovdata.no. Henta 7. august 2019. 
  3. «Adjø til AG-3», Forsvarsnett, arkivert frå originalen 19. april 2007, henta 1. januar 2018 
  4. «Månedens gadget», Forsvarets mediesenter, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 1. januar 2018 
  5. Forsvaret. «Nye håndvåpen til Forsvaret». forsvaret.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 7. august 2019. Henta 7. august 2019. 
  6. Forsvarsnett: En liten røver med trøkk i Arkivert 27. september 2007 på Wayback Machine.
  7. VG: Her er Forsvarets nye våpen
  8. «Forsvarsnett: Fagkurs I, Skarpskytter». Arkivert frå originalen 2. februar 2009. Henta 30. januar 2011. 
  9. «Om DSSN – Dynamisk Sportsskyting Norge» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 7. august 2019. Henta 7. august 2019.