Rubin
Rubin er ein raud varietet av mineralet korund. Fargen kjem av små mengder av krom. Klåre rubinar høyrer til dei venaste, mest sjeldne og kostbare edelsteinane. Dei blir vanlegvis slipte med fasettar. Mindre klåre steinar blir gjerne slipt som cabochon. Såkalla stjernerubin viser ei rørleg 6-takka stjerne på yta, ein effekt kalla asterisme.
Rubin | |||
Naturlege rubinkrystallar frå Winza i Tanzania | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Mineral-varietet | ||
Kjemisk formel | Aluminiumoksid med krom, Al2O3:Cr | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Raud, kan vere brunaktig, lillaaktig eller rosaaktig | ||
Krystallform | Varierer me lokaliteten. Endar i tavleforma heksagonal prisme. | ||
Krystallsystem | Trigonal (heksagonal skalenoeder), symbol (−3 2/m), Romgruppe R3c | ||
Kløyv | Ikkje verkeleg kløyv | ||
Brot | Ujamn eller muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 9,0 | ||
Glans | Glasaktig | ||
Strekfarge | kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 4,0 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Brytingsindeks | nω=1,768–1,772 nε=1,760–1,763 | ||
Dobbeltbryting | 0.008 | ||
Pleokroisme | Oransjeraud, lillaaktig raud | ||
Ultrafiolett fluorescens | raud under langbølgja stråling | ||
Smeltepunkt | 2044 °C | ||
Oppløyselegheit | ingen |
Rubinar har vore høgt skatta heilt sidan antikken og har vore gjenstand for overtru, mytar og segner. Dei beste, dueblodsraude rubinane kjem frå Mogok-distriktet i Myanmar, medan rubinar frå Sri Lanka, Thailand og India kan ha meir variable og ureine fargar. Rubinar frå Froland i Aust-Agder kan til dels ha god farge, men er for uklåre til å ha nokon stor verdi som edelstein.
Rubinar kan òg framstillast syntetisk.
Kjelder
endre- Rubin. (19. juni 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.