Smaragd
Smaragd er ein særs kostbar edelstein. Det er ein ven, djupgrøn varietet av beryll. Fargen kjem av mindre mengder av krom eller vanadium.
Smaragd | |||
Smaragd frå Colombia | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Beryllvarietet | ||
Kjemisk formel | Be3Al2(SiO3)6 | ||
Krystallsymmetri | (6/m 2/m 2/m) – Diheksagonal dipyramidal | ||
Einingscelle | a = 9.21 Å, c = 9.19 Å; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 537,50 | ||
Farge | grøne tonar til fargelaus | ||
Krystallform | Massiv til velkrystallinsk | ||
Krystallsystem | Heksagonal (6/m 2/m 2/m) Romgruppe: P6/mсc | ||
Kløyv | uperfekt på [0001] | ||
Brot | Muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 7,5–8 | ||
Glans | Glasaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | I snitt 2,76 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1,564–1,595, nε = 1,568–1,602 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0,0040–0,0070 | ||
Ultrafiolett fluorescens | Ingen |
Smaragdar var handelsvare på den tidlegaste kjende edelsteinsmarknaden, i Babylonia om lag 4000 fvt. Egyptiske gruver var hovudkjelda for smaragdar i den vestlege verda fram til 1500-talet, då finare kvalitetar frå Colombia etter kvart overtok. Colombia (Muzo, Chivor) er i dag den leiande produsenten. Blant dei større produsentlanda finst i tillegg Brasil, Zambia, Pakistan, Afghanistan, Madagaskar og Russland. Førekomstar er kjende i Noreg frå Byrud ved Minnesund (tidlegare gruvedrift). Særs gode smaragdar blir framstilt kunstig, men òg desse er kostbare.
Smaragdar vert vanlegvis fasettslipte og den vanlegaste forma er rektangulær eller kvadratisk (smaragdslip eller trappeslip).
I samansetjingar er namnet smaragd uheldigvis òg brukt om andre grøne edelsteinar, til dømes orientalsk smaragd (safir, korund), brasiliansk smaragd (turmalin) og uralsk smaragd (granatmineralet andraditt).
-
Smaragd frå Afghanistan.
-
Smaragd frå Colombia, no ved Musée d'histoire naturelle de Lille.
-
Lause smaragdar frå Russland.
-
Smaragd som smykkestein.
Kjelder
endre- Smaragd. (13. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.