Hanna Brummenæs

norsk skipsreiar

Marthe Johanne Brummenæs (12. desember 18601. mai 1942)[1], betre kjend som Hanna Brummenæs, var ein norsk skipsreiar. Saman med Bertha Torgersen skipa ho reiarlaget Brummenæs & Torgersen i 1909, og dei blei med dette dei fyrste kvinnelege skipsreiarane i Noreg.

Hanna Brummenæs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1860
Haugesund kommune
Død

1. mai 1942 (81 år)

Yrke reiar, politikar
Politisk parti Høgre

Liv og virke endre

Brummenæs og Torgersen traff kvarandre på VisnesKarmøy då dei jobba i butikk i gruvesamfunnet der. Dei dreiv ei stund sin eigen butikk, men avslutta denne verksemda. Rundt 1900 flytta dei saman i Haugesund og byrja å interessere seg for skipsfart. Dei investerte i skipsaksjar, og la seg opp nok pengar til å kjøpe ein sildedampar i 1909. Båten heitte «D/S Gouval» og blei kjøpt kontant på tvangsauksjon.[2][3]

Brummenæs og Torgersen kjøpte fire skip til på mellom 1350 dvt og 3200 dvt, som hadde som fellesnemnar at dei stort sett alle var i dårleg stand og trege. Tre av skipa var bygde på 1800-talet og det siste i 1904.[3] Tilstanden til skipa gjorde at alle blei mista under første verdskrigen, bortsett frå «Gouval», som sank før krigen.[2]

Etter krigen stod det dårleg til med skipsbransjen i byen. Brummenæs og Torgersen hadde betalt svært lite for sine fem skip og dreiv reiarlaget svært rimeleg, så dei gjekk med eit enormt overskot då krigsskadeerstatningane blei utbetalt.[2]

Mellom 1921 og 1927 kjøpte Brummenæs og Torgersen fem gamle skip, og i 1929 kjøpte dei sitt einaste motorskip. Dette var «Equatore» som var i svært dårleg stand, og til slutt blei kornlager på land. Dette gjorde skipet til eit av to skip dei eigde som ikkje sank.[2][3]

Før andre verdskrigen kjøpte dei fleire gamle dampskip. I løpet av krigen blei alle skipa deira senka eller gjekk på grunn.[2][3]

Brummenæs blei, saman med Torgersen, kalla for «mannedamene». Ho gjekk med bukser og skal ha underteikna med «Herr». Ho var også ein streng arbeidsgjevar, og blei kalla for «Brummo» fordi ho kjefta på sjømennene om dei fyrte for hardt på veg inn til Haugesund.[2] Ho sat ti år i bystyret for Høgre.[1]

Brummenæs døydde i 1942 og er gravlagd saman med Bertha Torgeresen.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Mannedamene. Arkivert 2017-03-12 ved Wayback Machine. Lest 10. mars 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 De gjerrige skipsrederne - NRK. Lest 10. mars 2017
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Brummenæs & Torgersen - Europas første kvinnelige skipsredere. - Skipshistorie.net. Lest 10. mars 2017
  4. Bentzrud, Inger (2. august 2021). «Dristige damer i dress». dagbladet.no (på norsk). Henta 6. august 2021. 

Bakgrunnsstoff endre