Hanne Hogness (fødd 16. februar 1967) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Kantspelaren vann OL-sølv både i 1988 og 1992, samt VM-bronse i 1986.

Hanne Hogness
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1967 (57 år)
Trondheim
Yrke handballspelar
Høgd 167 centimeter

Hogness spelte handball både på Sverresborg Idrettsforening, Ås Idrettslag og Toten Håndballklubb. Ho fekk sin landslagsdebut i august 1986, men spelte einast opningskampen i VM 1986, meisterskapen då Noreg tok steget opp i verdseliten i handball med ein bronsemedalje. Frå 1988 var ho jamnt over den føretrekte spelaren på høgrekanten i det norske landslaget. Hausten 1988 bidrog ho mykje til norsk OL-sølv under sommarleikane i Seoul, ein prestasjon ho og landslaget gjentok då Sommar-OL 1992 fann stad i Barcelona. Hogness deltok i 186 landskampar og skåra 378 mål for Noreg, dei siste i 1994.

Merittar endre

  • VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland
  • OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea
  • VM 1990: Nr 6 med Noreg
  • OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea

Kjelder endre