Hans-Dietrich Genscher
Hans-Dietrich Genscher (21. mars 1927–31. mars 2016) var ein tysk politikar frå Halle an der Saale. Han var utanriksminister i Vest-Tyskland og i det samla Tyskland frå 1974 til 1992. Genscher var formann i FDP frå 1974 til -85.
Hans-Dietrich Genscher | |||
| |||
Fødd | 21. mars 1927 Reideburg | ||
---|---|---|---|
Død | 31. mars 2016 (89 år) | ||
Statsborgar av | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken | ||
Parti | Freie Demokratische Partei (1952), NSDAP (1944; 1945) | ||
Yrke | politikar, advokat, assessor, universitetslærar, faglitterær forfattar, militær, innenriksminister, utanriksminister | ||
Institusjonar | Freie Universität Berlin FDPs fraksjon i Forbundsdagen Johannes Gutenberg-universitetet i Mainz | ||
Utdanna ved | Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg Universitetet i Leipzig Universitetet i Hamburg Hans-Dietrich-Genscher-Gymnasium | ||
Ektefelle | Barbara Genscher | ||
Medlem | Deutsche Gesellschaft für auswärtige Politik | ||
Alle verv |
|
Genscher var 1969-74 med i koalisjonsregjeringa til Willy Brandt som innanriksminister. Perioden 1974-82 var han utanriksminister og visekansler i Vest-Tyskland, Helmut Schmidt var forbundskanslar. Etter forbundsvalet hausten 1982 danna FDP regjering i lag med CDU. Helmut Kohl, leiaren av CDU, vart ny forbundskanslar og Genscher heldt fram som utanriksminister. Genscher var ein sentral figur i arbeidet med å overvinne delinga av Tyskland på slutten av den kalde krigen. Etter 18 år som utanriksminister, trekte han seg frå politikken i 1992.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hans-Dietrich Genscher» frå Wikipedia på tysk, den 17. februar 2022.