Hans Baldung

Hans Baldung, kalla Grien eller Grün (14841545) var ein tysk målar, koparstikkar og tresnittsteiknar under renessansen. Han er særleg kjend for ei altartavle i Freiburg im Breisgau.

Hans Baldung
Kw11 0012025 20190129 001 Baldung Jugendliches Selbstbildnis.jpg
Fødd 1. januar 1484
Schwäbisch Gmünd
Død

september 1545 (61 år)
Strasbourg

Yrke kunstmålar, illustratør, gravør, grafikar, grafisk designar, glassmålar, book artist, bygningstegner
Hans Baldung på Commons
Dei tre aldrane til mennesket, 1539

Liv og gjerningEndra

Hans Baldung var fødd i Schwäbisch Gmünd. Han gjekk truleg i lære hos ein målarmeister i Strasbourg, før han i 1503 flytta til Nürnberg og fekk Albrecht Dürer til læremeister. Dei to målarane var sidan gode vener. Etter eit oppdrag i Halle an der Saale, der Baldung dekorerte katedralen i byen, kom han 1509 tilbake til Strasbourg.

Same året, 1509, fekk han borgarrett i Strasbourg. Mellom 1512 og -15 var Baldung sysselsett med høgaltaret til kyrkja i Freiburg im Breisgau. Denne altartavla, kalla Kroninga av jomfru Maria, vert rekna for hovudverket hans. Etter åra i Freiburg reiste han til Strasbourg att, der han til og med vart medlem av storrådet i byen.

Baldung laga ei rekke bilete over allegoriske og religiøse motiv. Mellom anna måla han fleire bilete der døden var tema. Kristi fødsel og Dei tre gratiene er mellom desse. Han laga også fleire bilete av hekser. Elles designa han glasmåleri.

Måleria til Dürer, kanskje særleg dei framifrå portretta, var Baldungs viktigaste inspirasjonskjelde. Han støtta reformasjonen.

KjelderEndra