Hans Cato Aall
Hans Cato Aall (13. april 1807–7. april 1862) var ein norsk prest, ordførar og stortingsmann.
Hans Cato Aall | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. april 1807 Porsgrunn |
Død |
7. april 1862 (54 år) |
Yrke | prest, politikar |
Språk | norsk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Nicolai Benjamin Aall d.y. |
Aall var son av ein kjøpmann i Porsgrunn. Han voks opp hos farbroren Niels Aall, og vart student i 1824. I 1829 vart han cand. theol., året etter vikarierte han som skulestyrar i Larvik. Same hausten, 1830, utnemnd til personalkapellan i Sande i Vestfold, og i 1833 til sokneprest i Hammerfest. Frå 1840 var han i tillegg prost i Vestfinnmark prosti. Medan han budde i Finnmark stod han bak ei ny utgåve av Hans Friis sitt verk, Beskrivelse over de norske Finlapper (1841, 1. utgåve 1740).
Aall var ordførar i Hammerfest, og 2. representant for Finmarkens amt på Stortinget i 1842. På tinget var han medlem av næringskomite nr 1.
Hausten 1844 vart Aall utnemnd til sokneprest i Brunlanes, der han var til han døydde. Han var ordførar i Brunlanes.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Halvorsen, J. B.: Norsk Forfatter-Lexikon. 1. bd., s. 6. Kristiania: Den norske forlagsforening, 1885.
- Biografisk informasjon om Hans Cato Aall NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv