Hans Christen Mamen (20. april 191914. oktober 2009) var ein norsk teolog, prost og lokalhistorikar, fødd og død i Asker kommune. Slektsnamnet hans skriv seg frå Mammen i noverande Viborg kommuneJylland i Danmark.

Hans Chr. Mamen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1919
Asker
Død

14. oktober 2009 (90 år)

Yrke prest, pastor
Politisk parti Kristeleg Folkeparti
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Mamen var aktiv under siste verdskrig på ulike måtar. Under vinterkrigen i Finland var han i 1940 i arbeid som altmoglegmann ved ambulansetenesta til Norges Røde Kors. Han tok òg del i den norske motstandskampen. Då deportasjonen av norske jødar til tyske utryddingsleirar gjekk føre seg, var han grenselos som sytte for å berge mange norske jødar over grensa til Sverige. I 1944-45 var han kurer for Den norske legasjon i Stockholm.

Mamen vart cand.theol. ved universitetet i Lund i Sverige i 1944, og tok praktikum ved Menighetsfakultetet i 1946. Frå 1948 til 1969 var han sjukehusprest ved sjukehusa Dikemark sykehus og Vardåsen Sanatorium (som frå 1962 fekk namnet Vardåsen sykehus) på Dikemark i Asker kommune, sokneprest i Oppegård frå 1970 til 1978, og sokneprest i Ås og prost i Follo prosti 1978-1988. Dessutan underviste han ei tid i kristendomskunnskap ved Asker realskole og gymnas.

Mamen var representant for Kristeleg Folkeparti i Asker kommunestyre i 1948-51, og var ein av skiparane av Asker og Bærum Historielag. Han har var forfattar av teologiske skrift, og forfattar eller medforfattar av ei mengd lokalhistoriske bøker og artiklar.

Mamen mottok Akershus fylkes kulturpris i 1983, Asker kommunes kulturpris i 1995, og har for innsatsen i Noreg og Finland under siste verdskrigen fått Deltakarmedaljen og finske utmerkingar, og vorte æresborgar av staten Israel. I 2005 fekk han Kongens fortenestmedalje i sølv.