Hans Flock
Hans Flock (fødd 18. april 1940) i Melhus er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett.
Hans Flock | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. april 1940 (84 år) Melhus |
Yrke | Tidlegare høgsterettsdommar |
Han tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1966 og har tidlegare arbeidd som dommarfullmektig, privatpraktiserande advokat og lagdommar i Frostating lagmannsrett. Frå 1. september 1996 var han dommar i Høgsterett. Han gjekk av for aldersgrensa i april 2010.
Flock var leiar for «Liland-utvalet» som granska politiet og påtalemakta si handsaming av Liland-saka. Han er også medredaktør til Norges lover.