Frostating lagmannsrett
Frostating lagmannsrett er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg og har sete i Trondheim.
Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet - både i straffesaker og i sivile saker. Lagmannsretten sine avgjerder kan - i noko avgrensa omfang - bli påkjært eller anka til Høgsterett.
Jurisdiksjon
endreLagdømmet omfattar fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, jamfør oversikta nedst på sida over tingrettar som høyrer til Frostating lagdømme.
Organisering
endreDomstolen held til i Trondheim tinghus og har faste rettsstader på Molde, i Kristiansund og i Ålesund. Den blir leidd av ein førstelagmann og har i tillegg to lagmenn og 16 fast utnemnde lagdommarar. Den har vidare ein administrasjonssjef og ti funksjonærar.
Historie
endreNamnet har domstolen fått frå det gamle Frostatinget som vart halde på halvøya Frosta i Trondheimsfjorden. Rettsdistriktet femner stort sett same området som høyrde under (Frostatinget) i seinare tid.
Førstelagmenn i Frostating lagmannsrett
endre- Sverre Dragsten, 1991 - 2001
- Kjell Buer, 2001 - 2009
- Aage Rundberget, 2010 - 2014
- Sven-Jørgen Lindsetmo, 2014 -