Hans Gurstad Holtedahl
Hans Gurstad Holtedahl (fødd 8. desember 1917 i Oslo, død 24. februar 2001 i Bergen) var ein norsk geolog og son av Olaf Holtedahl.
Hans Gurstad Holtedahl | |||
Fødd | 8. desember 1917 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 24. februar 2001 Bergen | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor, geolog, dosent | ||
Institusjonar | Universitetet i Bergen | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Han vart cand.real. i 1948 og tok doktorgrad i 1957. Frå 1960 vart han dosent ved Universitetet i Bergen og frå 1967 professor i kvartærgeologi. I 1972 vart han den første professoren i landet i marin geologi. Han har delteke i mange maringeologiske ekspedisjonar og publisert avhandlingar om marin geologi, geomorfologi og kvartærgeologi, mellom anna Marine Geology of the Norwegian Continental Margin (1993). Han var ein pioner i utforskinga av den norske kontinentalsokkelen.
Verk
endre- Geological and petrographical investigations in the North-Western part of the Opdal quadrangle, South-Western Norway, UiBÅ, Naturvitenskapelig rk. 1949:7, Bergen 1950
- Geomorphology and quaternary geology of the Opdal-Sunndal area, South-Western Norway, UiBÅ, Naturvitenskapelig rk., 1949:2, Bergen 1950
- On the Norwegian continental terrace, primarily outside Møre-Romsdal. Its geomorphology and sediments. With contributions on the quaternarty geology of the adjacent land and on the bottom deposits of the Norwegian Sea, dr.avh., UiBÅ, Naturvitenskapelig rk. 1955:14, Bergen
- The geology of the Hardangerfjord, West Norway, Bulletin Noregs geologiske undersøking nr. 323, Trondheim 1975
- Marine geology of the Norwegian continental margin, Special publication Norges geologiske undersøkelse 6, Trondheim 1993
Kjelder
endre- «Hans Gurstad Holtedahl» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.